For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Telemark på kryss og tvers

Journalist Eivind Blikstad og fotograf Per-Eirik Hekkelstrand laga frå 2005 til 2008 over 130 laurdagsreportasjar med Telemarks-historier for avisa Varden. Mange av desse, saman med ein del nytt materiale, er no samla i ein praktbok av dei sjeldne. Her finn me skakande historier som den om «komponisten som Kragerø forviste», skumle forteljingar som den om «mannslagerhola på Seljordshei», godt bevara løyndomar som den om «største eika i Noreg» og dristige historiske teoriar som «då gudane sitt sinne råka Arabygdi».

Historiene er fortalde på ekte Blikstad-vis med ein underliggjande tone av humor og sans for artige detaljar. Fotografia til Hekkelstrand er spektakulært vakre og viser både landskap, bygg, folk og fe i ein landsdel me ikkje visste hadde så mange særeigne plassar. Boka er ein eineståande samling av forteljingar og stader som alle med interesse for Telemark vil ha stor glede av.

Vest-Telemark Museum har med utgangspunkt i boka laga ei utstilling med dei 12 finaste bileta og historiene som høyrer til. Utstillinga opna i samband med bokpresentasjonen der forfattarane fortalde om sitt arbeide.

Utstillinga stod gjennom heile hausten 2013. Boka er å få kjøpt i museet.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg