For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Talleiv Huvestad

18. mai 2014 opna VTM ei nokså spesiell utstilling om 1814, Grunnlova og bonden som representerte Telemark på Eidsvoll: Talleiv Huvestad. Det skjedde samstundes med at Tokke kommune hadde sin offisielle markering av grunnlovsjubileet på museet i Eidsborg.

Biletet visar Talleiv Huvestad måla av Mikkel Mandt i 1843

Talleiv var bonde, lærar, lækjar, skrivar, prestehjelpar og rådgjevar for sine grannar i Lårdal og Dalen gjennom mange år. Han var representant for Bratsberg amt på Eidsvoll i 1814, saman med amtmann Severin Løvenskiold og futen Peter Jørgen Clouman. Han var også Stortingsmann i tre periodar, to av dei som vara.

Me veit at han skilde seg ut i riksforsamlinga på Eidsvoll - både i klesvegen, gjennom sine kunnskapar og med sine sjølvstendige meiningar.

Men han skreiv ikkje dagbok, og me veit ikkje om brev eller anna direkte etter han. I historiebøkane er han berre så vidt nemnt. Og i forteljinga om 1814 spelar bøndene tilsynelatande berre ei siderolle.

Kva tenkte Talleiv? Kva trudde han på?

Utstillinga som VTM har laga om Talleiv Huvestad, er utforma som ei historisk teikneserie. Ho er teikna av Tor Arne Hegna frå Sauherad og basert på opplysingar samla frå alle tilgjengelege kjelder.

Det var naudsynt å ta nokre sjanser for å teikne historia om Huvestad. Kva tydde det at ein avsett prest budde på heimegarden i Skafså då han var gut? Las han i “Norske Provinzialblade” kring 1780 om franske frihetsidéar? Var det opplysingspresten Svend Aschenberg som lærte han behandling av tyfus? Var han mellom dei som måtte gøyme seg innandørs på Bogstad gard medan feiringa av Grunnlova pågjekk i Christiania?

Me veit det ikkje sikkert, men det kan ha vore slik.

Utstilling stod fram til 15. oktober. Teikneserien er til å få kjøpt på museet.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg