For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Kvinnestemmerett 100 år

I samband med kvinnestemmerettsjubileet 2013 inviterte museet til temakveld og opning av ny utstilling - ca 60 personer fann vegen til Eidsborg 11. juni. Tokke songlag song, og Anne T. Romtveit mfl. synte ei sceneforteljing om Gunnbjørg A. Vinje. Jubileumsutstillinga blei opna i foajéen.

Sceneforteljinga skildra livet til Gunnbjørg A. Vinje (1853-1923, bilete) som starta «Vinje Kvende-røysterettslag» – i Vinje kyrkje! Dei deltok aktivt i underskrifts-kampanja i 1905 som ga kvinnesaka mykje merksemd. Det blir også fleire tablå, eit av dei om syster til A.O.Vinje, Margit (1814-1892), og budeia Anne Liar (1845-1929).

Gunnbjørg var lærarinne, ugift, tok seg av mor si så lenge ho levde, dreiv etterkvart eige gardsbruk, arbeidde for å få til folkehøgskule i Vinje, deltok i landstevling om utgjeving av ABC-bok på landsmål i 1886, hadde kontakt med kvinnerettsforkjemparen Gina Krog, var nær ven med Viggo Ullmann i Seljord som satt på Stortinget for partiet Venstre og tok opp saka om stemmerett for kvinner.

Utstillinga sette historia om Gunnbjørg Vinje inn i ein større samanheng, og fortalde dessutan om Ingebjørg Jore (1863-1957, bilete) frå Rauland. Ingebjørg gjekk inn i historia som den første kvinna med ein offisiell posisjon i nynorsk pressehistorie: ho blei redaksjonssekretær i landsmåls-avisa «Fedraheimen» i Kristiania i 1885, berre 22 år gamal. Dette er ei historie som ikkje har blitt fortald før.

Last ned eit hefte (pdf) med historiske tekstar av Ingebjørg Jore.

I utstillinga var også faksimile av den vidgjetne underskriftskampanja i 1905, då kvinner ikkje fekk røyste i ei folkeavstemming om unionsoppløysinga, og organiserte si eiga avstemming. Listene syner over 2000 underskrifter frå Vinje, Seljord, Fyresdal, Nissedal og Tokke/Lårdal.

Utstillinga stod i museets foajé gjennom heile sommaren 2013.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg