For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Eventyrleg gamle forteljingar

Eventyrleg gamle fortellingar er namnet på ei utstilling frå Nasjonalgalleriet som tek for seg teikningar til norske folkeeventyr, frå Werenskiold og Kittelsen til nyare og moderne bokillustrasjonar. Her kryr det av troll, prinsessar og kjekke gutar som drar ut i verda for å finne lukka.

Theodor Kittelsen og Erik Werenskiold sine berømte teikningar var stilt ut saman med meir moderne illustrasjonar av Annine Qvale, Finn Graff, Harald Nordberg og Rune Johan Andersson. I utstillinga visast også ein levande biletserie med originalmusikk av Lars Horntvedt.

Utstillinga stod på museet i Eidsborg gjennom heile sommaren 2013.

Meir om utstillinga her hjå Nasjonalmuseet.

Frå 26. juni og alle onsdagar i heile juli arrangerte museet ein Eventyr-verkstad for born med utgangspunkt i utstillinga. Me valde eit av dei mest kjende eventyr, «Oskeladden som kappåt med trollet», som tema. Me fortalde eventyret, laga maskar og bruka museet til kulisse – kanskje me overraska nokre museumsgjestar også…

Ansvarleg for verkstaden var Montserrat Ontiveros, skodespelar frå Mexico som nå bur i Eidsborg.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg