For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Eg er det tilfeldige sin plan

Frå 7. november 2012 til 6. januar 2013 synte Vest-Telemark Museum utstillinga «Eg er det tilfeldige sin plan og meitemarken si reise». Utstillinga var produsert av Nasjonalgalleriet.

Opninga gjekk føre seg onsdag 7. november kl 14.

Sundag 25. november kl 14 arrangerte museet live performance med kunstnaren sjølv – ein unik hending i museet!



Kurt Johannessen, busett i Bergen, har teikna jamt sidan han markera seg fyrste gong i 1980-åra. Utstillinga viser gjennom eit utval verk korleis han arbeider med teikning som handling og prosess.

Johannessen er oppteken av korleis streken utfoldar seg, korleis teikningar blir til over tid, og korleis møtet mellom kropp og papir arter seg. Derfor driv han også med performance som ofte er knytt til det å teikne med kroppen.

Resultatet er seriar av teikningar som dyrkar den langsame prosessen, gjentakinga og kroppens avgrensing. Vi får sjå verk som byr på overraskande vendingar og innfallsrike fabuleringar med ein humoristisk undertone, slik tittelen på utstillinga er eit døme på.

Utstillinga viser eit tverrsnitt gjennom verka som Kurt Johannessen har laga dei siste 25 år. Her er både installasjonar, «fysiske» teikningar med til dømes jord som materiale, og videoar frå fleire performancer.

Meir info om utstillinga finn du hjå Nasjonalmuseet.

Meir kunst av Kurt Johannesen finn du på kunstnarens heimeside.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg