For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Det nye ljoset

Alle har me minner om korleis dagsljoset falt inn frå glaset og langs veggen i barnerommet. Eller kor magisk det var når sola skein på innsida av rullegardina for første gong om våren.

Det er slike kjensler den prisløna ljos-designaren Daniel Rybakken spelar på når han skapar dagsljosets verknader i eit mørkt rom – utan at dagsljoset faktisk er til stades. Rybakken gjer meir med ljoset enn nokon av oss trudde var mogleg, og arbeider med løysingar ingen av oss tidligare har sett.

Den vakre utstillinga «Det nye ljoset» er heilt ny og blei vist her for første gang, i eit mørklagt utstillingslokale ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg.

Rybakken har vunne ei rekke designprisar i inn- og utland: «Best of the best» under årleg tildeling av Red Dot Award 2007, Anders Jahres kulturpris for unge kunstnare 2008, Sheiblers legat – talentpris for design 2009, Norsk Forms pris til unge formgjevarar 2010, Bruno Mathsson-prisen 2011, Årets lampe - Bo Bedre 2012 (Counterbalance), Årets lampe - Elle Interiör Sverige 2013 (Light Tray), Årets lampe - Elle Decoration International Design Award 2013 (Counterbalance).

Med til ustillinga høyrer eit opplegg der besøkande, og spesielt born, kan oppleve korleis ljosfargane raudt, grønt og blått blir blanda saman med skugger på ein kvit overflate.

Utstillinga var produsert av Nasjonalgalleriet, og stod til 9. mai 2013.

Meir info om utstillinga hjå Nasjonalmuseet.

Sjå meir om Daniel Rybakken på hans heimeside.                               

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg