For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

D.D.S.Ø.I.F. - Dyr du skulle ønskje ikkje fantes

På Vest-Telemark Museum i Eidsborg kunne du hausten 2013 få nærkontakt med dyr og vesen som til nå har vore gøymt for mange. Med god grunn! Dei fleste er nokså nifse, som den enorme, glupske og kjøtt-etande mongolske vannrotta som visstnok lever i kloakken i Oslo. Eller den utspekulerte "rev constrictor" som kveler gamle damer, den grusomme og tre meter høge månekameleonen - som drøymer om verdensmakta - , den fryktelege peruvianske suge-edderkoppen og mange, mange fleir. På museet kunne du sjå dei i original storleik, trygt forvart bak tykke glas -- eller? --

Dokkene er laget av animasjonskunstnar Pjotr Sapegin og skulptør Kristin Günther. Utstillinga har vore ein stor suksess alle stader den har blitt vist.

Dyra er teke frå Jo Nesbøs barnebøker om Bulle, Lise og Doktor Proktor. Bøkene er solgt til mange land, dei var aktuelle i form av ei teaterførestilling ("Doktor Proktors prompepulver") og som film i 2014.

I utstillinga kunne du òg sjå Doktor Proktor sitt laboratorium og få med deg produksjonen av det mystiske prompe-pulveret, og du kunne teikne dine eigne monstre på veggane.

I ein workshop for skuleklassar laga elevane museets eige, skumle monster: HAIDRAKEDIVELEN!

Meir om Doktor Proktor-bøkene, teaterførestillingen og filmen finn du på www.doktorproktor.no.

Utstillinga stod til 15. desember 2014.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg