For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Arne&Carlos

Designerduoen Arne&Carlos består av norske Arne Nerjordet og svensk-spanske Carlos Zachrison.

Arne og Carlos har skapt seg eit namn innanfor den internasjonale motebransjen med sin boblande fantasi, humor og evne til nyskaping. Dei har laga klede med inspirasjon frå vidt ulike kjelder, som Dolly Parton, japanske bretteteknikkar og norske folkedrakter. I den seinare tid har dei konsentrert seg om design av strikkeplagg, som bl.a. dei velkjende jolekulene.

Strikkeplagga er inspirert av motiv frå tradisjonelle norske mønster – men er samstundes slåande annleis i fargeval og snitt. Duoen hentar elles inspirasjon frå heile verda. Frå dei mange utanlandsturane sine fører globetrotterane med seg suvenirar. Sommarfuglar, broderte dukar og spanande personar dei har møtt, blir kjelder til inspirasjon.

I samband med utstillinga arrangerte Vest-Telemark Museum strikke-kvelder i samarbeid med kaféen "Spitet" på Dalen. Arne&Carlos kom også til museet for å halde workshop.

Utstillinga stod til 10. mars 2013, og var produsert av Nasjonalmuseet i samarbeid med Norsk Design og Arkitektursenter, DogA.

Meir info om utstillinga hjå Nasjonalmuseet.

Meir om Arne&Carlos kan du lese på deira heimeside.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg