For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Faste utstillingar ved Øyfjell bygdemuseum


Friluftsmuseet

Gardstunet på Øyfjell Bygdemuseum består av tilflutte bygningar frå gardar i nærleiken. Bygningane er frå ulike tidsrom, men samla er dette blitt ein gard slik dei gjerne var her rundt 1900.

Dette var ei brytningstid mellom det gamle bondesamfunnet og den nye tid. Nokon av dei gamle gamle husa var enno i bruk, slik som eldhuset. Hesten hadde ikkje enno flutt inn med dei andre dyra i driftsbygningen, men hadde sin eigen stall.

Men me ser også det nye: våningshuset er utvendig påverka av sveitserstilen, her i ei enklare utgåve kalla bondesveitser. Innvendig ser ein innreiinga er påverka av bymoten, med frittståande møblering, måla eller tapetserte vegger. Vedkomfyren på kjøkenet var ein viktig innovasjon for matstellet, og separatoren var revolusjonerande for foredlinga av mjølka.

Meir detaljar om kvar einskild bygning kan du lese på skilta ved kvar bygning.

I 2014 fekk låven (biletet) ei eiga utstilling - om Arbeidshesten. Her kan du sjå landbruksutstyr av ulikt slag slik det blei bruka på gardane i området.


Museumsbygningen

Den særmerkte museumsbygningen var ei gåve til Øyfjell frå brørne Tarjei O. og Olav O. Trovatten. Den er bygd i kila granitt og stod ferdig i 1931. Bygningen inneheld rike samlingar frå Øyfjell, og utgangspunktet var gjenstandar samla av Trovatten-brørne. Opp gjennom åra har museet fått mange flotte gåver frå øyfjellingar eller frå folk med tilknytting til bygda.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg