For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Faste utstillingar ved Norsk Skieventyr

Utstillingane på skimuseet er ei blanding av tekst, bilde, film og gjenstandar. Det er òg bruk av interaktive skjermar der du sjølv kan hente den informasjonen du ynskjer.

Tidleg norsk skihistorie

«Rundturen» startar med eit bildeshow på eit 7 m breitt lerret. Norsk skihistorie er tema, og ein startar på Rødøy. Der er det funne ein 4000 år gamal helleristing som viser ein person på ski, dette er ein av dei eldste funna som viser bruken av ski i Noreg.

Noregs eldste ski er funne i Vefsn kommune i Nordland. «Drevjaskia» er 5200 år gamal. Skia var ein arbeidsreiskap, og nyttig når ting skulle berast eller dragast på vinteren. I djup sno var skia viktig når ein var på jakt.

Vikingane bruka ski, og på 1700-talet vart det militære skiløparkompani. «Skiløberkompaniet» hadde jamleg trening, og dei hadde militære skikonkurransar rundt 1760. Noregs eldste sivile skirenn skal ha vore i Tromsø 1843. Utover på 1860-talet vart det fleire skikonkurransar i Trysil, Telemark og Oslo.

Samisk skiløping har påverka norsk skikultur, og i Telemark var det tamreindrift på Hardangervidda tilbake til 1780-åra. Bindingar av lær og vidjer med hælstropp og innsvingte ski, kan ein finne tilbake i samisk skikultur.

Morgedal og Sondre Norheim

Morgedal har tydd mykje for utviklinga av skisport. I norsk og internasjonal skihistorie blir den vesle bygda rekna som vogga til den moderne skisport. Sondre Norheim (1825-1897) vidareutvikla skia både med innsving og hælbinding. Skia vart lettare å løype med, det vart enklare åsvinge, hoppe og gjere nedslag.

Les meir om Sondre Norheim, far til den moderne skisport her.

I utstillinga kan du oppleve husmannslivet slik Sondre budde, og ski som han har laga. Sondre flytte til USA med sin familie, og livet i Midtvesten blir formidla. Sjølvsagt er det eit skimakarverkstad som viser korleis Sondre laga sine ski. Det er òg eit nyare skimakarverkstad som viser produksjonen av ski etter at elektrisk kraft hadde kome til bygdene.

Lyst til å lære meir om skimaking? Klikk her for meir info.

Arven etter Sondre

Det var fleire morgedølar som tok opp arven etter Sondre Norheim. Jon Hauge vann den fyrste kongepokalen i Huseby 1879, og Svein Sollid den fyrste i Holmenkollen 1892. Totalt tok skiløparar frå Morgedal 13 kongepokalar fram til 1915.

Torjus og Mikkel Hemmestveit starta verdas fyrste betalte skiskule i Kristiania (Oslo) i 1881. Torjus vann òg verdas fyrste 50-kilometer på ski i 1888. Begge to reiste til USA, og via sine skiferdighetar vart dei kalla "The crazy Norwegians from the North Pole".

Les meir om Hemmestveitbrørne.

NRK laga i 1970 filmen «Sondre Norheim, frikaren på ski». I eiget filmrom kan ein sette seg ned, og på storskjerm sjå korleis Sondre og morgedølane leika seg på ski, og laga «uvyrdslåmir» i dei bratte liene. Lengda på filmen er ca. 45 minuttar, og det finst både norsk og engelsk utgåve. DVD kan sjølvsagt kjøpast i museumsbutikken etterpå eller bestillast her.

Kappløpet til Sørpolen

14. desember 1911 nådde fem mann Sørpolen som dei fyrste i verda, og blant mennene var morgedølen Olav Bjaaland. Olav var ein dyktig skiløpar, og tilfeldighetar gjorde at han vart ein av Roald Amundsen viktigaste menn.

Les meir om Olav Bjaaland her.

Utstillinga viser gjenstandar og utstyr som var i bruk i ei atmosfære som føler at du er på sørpolplatået. Du kan gå om bord på polarskuta Fram, og på interaktive skjermar kan du oppleve sørpolekspedisjonen via telemarkingane Olav Bjaaland, Hjalmar Johansen, Halvardus Kristensen eller via sjefen sjølv, Roald Amundsen.

Nyare ekspedisjonar har òg fått sin plass i utstillinga. Utstyret som Cato Zahl Pedersen bruka på sin ekspedisjon «Unarmed to the South Pole» frå 1994 er utstilt. I 2011 var det ein norsk offisiell jubileumsekspedisjon til Sørpolen. Både bilde og utstyr frå den ekspedisjonen som gjekk i Amundsen sine skispor 100 år etter er utstilt.

Skiutstilling

Alle skimuseum må sjølvsagt ha ei skiutstilling. I vår skiutstilling har me lagt vekk på utviklinga frå ca. 1935 og fram til dagen skipark. På 1930-talet vart det slutt på å lage ski av eit trestykke, nå vart skia laminera og det vart bruka ulike treslag. Utstilt er òg bl.a. Østbye’s patent på glasfiberski, og utviklinga av bindingar har fått sin eigen plass. Ein av Noregs fyrste skislipemaskiner er på plass, det same er den velbruka skipressa frå den fyrste skiverkstaden i Noreg, Skiservice Tomm Murstad jr. AS frå Voksenkollen.

Østbye Skivoks

Østbye Skivoks er eit kjent namn i norsk skihistorie, og Norsk Skieventyr eig Østbye Skivoks AS. Østbye har verdas fyrste patent på skismøring, og du kan gå inn i «fabrikken» og kjenne korleis miljøet var.

«New School», moderne ski- og snobretthistorie

Skileiken starta i Morgedal rundt 1860-70. 100 år seinare kom dei fyrste snobretta, inspirera av surfemiljøet i California, og det var fridomen og leiken som styrte utviklinga. Sporten vart etter kvart organisera, her vart det konfliktar mellom det etablera skimiljøet og eigne snowboardinteresser. Det skjedde heller ikkje utan motstand blant utøverane, det var fleire som meinte at det ville øydelegge miljøet. Mange hugsar nok òg Terje Håkonsen sin motstand mot OL.

Det vart konflikt med alpinmiljøet, og i mange heisanlegg/skisenter var det ikkje lov med snobrett. Det vart utvikla eigne anlegg, og utøvarane på ski såg kor artig snobrett-folket hadde det i sine terrengparkar. Skiprodusentane såg potensiale, og i dag er salet av twin-tip ski over 80% av alpinskimarknaden.

Telemark var òg leiande innan utviklinga av norsk snobretthistorie. Terje Håkonsen er og var den store, men mestvinnande innan VM i snobrett er fortsatt Åshild Lofthus. Ho er frå same bygd og klubb som Håkonsen, Vinje og Uvyrdslåmi Snobrettlag.

I utstillinga kan du sjå bl.a. utstyret til både Terje Håkonsen og Åshild Lofthus samt dei fyrste twin-tipskia til Andreas Håtveit. På interaktive skjermar kan du lære om nyare ski- og snobretthistorie. I «2. etasje» har me samla historiske filmar og nyare produksjonar. Via 5 projektorar kan du oppleve fartsfylte filmar som viser utrulege triks og køyring i fjellsider.  

Den vinterolympiske elden

Sommar-OL har historie tilbake til 1896 i Aten. Vinter-Ol kom fyrst i 1924, etter ein lang kamp kunne endeleg Chamonix i Frankrike arrangere det fyrste Vinter-OL. Det var ingen olympisk eld på dei fyrste vinterolympiske leikane, det fyrste forsøket var på Berlin-OL i 1936.

I 1952 skulle det vera vinter-OL i Oslo. 13. februar vart det tent ein fakkel på Øverbø i Morgedal, staden der Sondre Norheim vart født. To dagar seinare kom fakkelen til Bislett etter at 92 skiløparar hadde frakta den brennande fakkelen. Dette var den fyrste offisielle vinterolympiske fakkelstafetten.

Les meir om den vinterolympiske elden.

«Rosina i pølsa» er vårt siste rom. I kinosalen som rommar ca. 50 personar viser me ein film over tre store lerret. Filmen er på ca. 8 minuttar som startar med historiske tilbakeblikk før ein blir med på ei stemningsfull reise der Morgedal er kledd i si finaste vinterdrakt. Til slutt blir ein riven med i ein film som viser telemarkkøyring i sin vakraste og villaste form. Ned bratte fjellsider tek skiløparane deg med på ferd som ein skulle tru ikkje var mogeleg, og du kjenner sjølv at du deltek aktiv på denne ville turen.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg