For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Når skogen tek over

15. juni - 10. august 2014 blei det vist ei spesiell fotoutstilling i Utsondhalli ved Kviteseid bygdetun. Med utgangspunkt i 14 forsvunne plassar i "Lunden krins" - på vestsida av Vrådalsvatnet - viste utstillinga kva som skjer når naturen tek buplassar attende etter at menneska har flytt ut. Det er gjort eit grunnleggjande forskingsarbeide i lokalhistorie, og fotografi av høg kvalitet blei teke.

Jostein Fjalestad (foto) og Gunnar Wraa (lokalhistorie) sto bak denne unike utstillinga som visar korleis det ser ut langs Vråvatnet i dag, der gamle Lunden krins ligg:



I tillegg til opplsyningar om plassane, kven som budde der og kor lenge, fortalde utstillinga tre lengre historiar.

Der er segnet om "Giftmordet på Nord-Odden" - ei ubekrefta historie som har vore fortalt gjennom generasjonar. Historia om "Fjellrosa" Hæge og dotter hennar Kristine, etter tradisjonen halvsøster til statsmininster Gunnar Knutsen, er bekrefta gjennom einskilde dokument. Og den særegne forteljinga om vekkinga i Vrådal - om Åsild og Jon Undeberg som starta ei rørsle som spreidde seg i heile området på 1860-talet - er i alle fall sann.

Bilete: Kristine Marie Klaudine Neirbø og Olaus H. Dale på 1940-talet

Det er laga ei bok med bileta og opplysingane. Du kan tinge boka ved å sende ein epost til Jostein Fjalestad.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg