Kva skjer på Norsk Skieventyr i Morgedal?

Når ein vil gjera seg kjent med Morgedal og norsk skihistorie, er Norsk skieventyr eit godt utgangspunktet. Det spesielle bygget byr på ei multimedia-reise gjennom skihistoria – med særleg vekt på skirevolusjonen som starta i Morgedal i 1850-åra. Du kan utforske museet på eiga hand, som gruppe kan ein få med seg ein omvisar.







Utstillinga startar med ei framstilling på storskjerm av skihistoria gjennom 4000 år, byr deretter på glimt frå Morgedal i 1850-åra, held fram i ein skimakar-verkstad, fortel om kappløpet mot Sydpolen, om Noregs første skivoksfabrikk, gir deg soga om den olympiske elden – og til slutt: I stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!








I museet finn du også Innsvingen Kafé med ein spennande meny med rettar av lokale råvarer, og som gjerne fyrar opp steinomnen for å kunne by på velsmakande spesialitetar. Det store suvenirutsalet har eit breitt utval av særnorske handverksprodukt, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne ser at du får med deg det beste av Morgedal.






Gratis internett-teneste står til disposisjon for den som gjerne vil ha ein sjekk på korleis det står til heime.

Ynskjer du å vite meir om Sondre Norheim?
Sjekk www.sondrenorheim.com 

 




 



Utskriftsversjon Utskriftsversjon

Aktuelt

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn