Film om Sondre Norheim

Frikaren på ski - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far
 
Bruk av ski kan sporast tilbake 1000-vis av år. Skia var naudsynt, eit transportmiddel over snodekte vidder. Men på 1800-talet byrja ein å leike med skia.
 
Ein av dei ivrigaste i leiken var Sondre Norheim, født på Øverbø i Morgedal i 1825. Han leika seg i bakkane, fann stadig nye utfordringar. Men den enkle tåbindinga av vidje gav dårleg kontroll på skia.
 
I filmen ”Frikaren på ski” vil du sjå korleis Sondre endra utstyret og korleis dette endra skisporten, med opphav til uttrykk som slalåm, telemarksving og telemarknedslag. Om du kjøper nye ski i dag, er dei bygd på Sondre sine prinsipp.
 
I Morgedal, den moderne skisportens vogge, kan du oppleve historia til Sondre Norheim. Besøk Øverbø og stoga der han vart fødd, prøv skiløypene hans og opplev skihistoria på Norsk Skieventyr.
 
 Filmen ”Frikaren på ski” vart laga av NRK i 1970. Norsk Skieventyr har lisens for sal av filmen. Lengde 48 min.

Norsk og engelsk versjon.

DVD kan kjøpast på Norsk Skieventyr, tlf 35054250, e-post: tag@vest-telemark.museum.no eller tingast her

Filmen blir i sal frå 10.juni, men kan sjølvsagt tingast på førehand.

Les meir om kva som skjer på lanseringsdagen her



Utskriftsversjon Utskriftsversjon

Aktuelt

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn