Velkomen til Vest-Telemark Museum

Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for drift og vedlikehald av museum i Vest Telemark. Musea finn du i fem kommunar og dei ulike einingane er:
Vinjestoga, Myllarheimen, Knut Skinnarland samlinga, Dyre Vaa samlingane, Vinje Biletgalleri, Øyfjell Bygdemuseum, Fyresdal Bygdemuseum, Kviteseid Bygdetun, Åmdals Verk Gruver,  VTM Eidsborg, Norsk Skieventyr
Vest Telemark har ein rik tradisjon innan folkekunst og skihistorie og Vest-Telemark Museum formidlar denne flotte kulturarven ved hjelp av utstillingar, aktivitetar og ved arrangement.


Frå Vest Telemark kjem det fleire kjende kunstnarar og på våre anlegg finn du utstillingar av måleri, bilde og skulpturar av kunstnarar frå regionen eller kunstnarar som har besøkt og jobba i  Vest Telemark sin flotte natur. På fleire av musea er det mogleg for aktivitetar for barn og det er sal av mat/drikke på fleire av anlegga.
Norsk Skieventyr er eit heilårsope anlegg som formidlar Morgedal og Telemark sin skihistorie. I tillegg er der ein flott butikk og ikkje minst Innsvingen Kafé som er kjent for sin heimelaga mat og rikelege porsjonar til fornuftige prisar.
Dei andre musea har sesongope om sommaren. Info om opningstider og prisar finn du her.

Vest Telemark har mange arrangement om sommaren både for liten og stor.
Konsertar, bygdedagar, Bjørn Eidsvåg og Rallardagen er litt av vår meny denne sommaren.

Klikk her og sjå på programmet vårt

Fylgj med på vår heimeside, meir info kjem framover

Klikk her og du får opningstider til alle musea

Ynskjer du årets brosjyre kan du laste den ned ved å trykke på

NORSK

ENGELSK

TYSK

 



Utskriftsversjon Utskriftsversjon

Aktuelt

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn