Mange glade og gode barn på ski
Ein skihistorisk skidag i Morgedal har lang tradisjon og i år var det 15 skular fordela på 11 dagar som vitja skileikanlegget til Morgedal IL på Kleiv. Norsk Skieventyr har ansvaret for dagane og samarbeidspartnarar i tillegg til Morgedal IL er Telemark Idrettskrets, Telemark Fylke (folkehelseprogrammet) og Kviteseid kommune.
Dagane på Kleiv er dagar fulle av skileik, moro, bålkos og skihistorie. Anlegget ligg på skihistorisk grunn, det var her Sondre Norheim sette sine fyrste skispor. Eit besøk opp til Øverbø, staden der Sondre vart født er ein naturleg del av dagen.
Klikk her og sjå ein liten film frå desse flotte dagane i mars.

Utskriftsversjon