Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
Flyselskapet Norwegian kallar opp flya sine etter norske heltar. På halen til flya finn me bilete av nordmenn som har "bidratt til å sprenge grenser og utfordret det etablerte". Snart vil me kunne fly med Aasmund Olavsson Vinje, og sjå bilete av han på ein av flyhalane. Der vil han vere i godt selskap, saman med mellom anna Fritdjof Nansen, Sonja Henie og Henrik Ibsen.
Flyheltane får i tillegg til bilete også namnet sitt og engelsk "tittel" på flyhalen. Norwegian har rådført seg med Vest-Telemark Museum, for å finne eitt ord som best mogleg kan spegle språkmannen, journalisten og diktaren Aasmund Olavsson Vinje. Me har landa på at han kan fly godt med fylgjande på halen:
"Aasmund Olavsson Vinje - Norwegian writer".
Meir om Norwegian sine flyheltar finn du her:
www.norwegian.no/om-norwegian/fakta1/historien/vare-modige-nordmenn/

Utskriftsversjon