Utbygging i Vest-Telemark Museum

                                                                  
Tilsaman  inneber prosjektet om lag 1000 m2 renovering, 1400 m2 tilbygg til museet og vel 400 m2 verkstad. Dei nye lokala vil innehalde nytt publikumsmottak, kafè, utstillingsareal, undervisingsrom, studiesal for arkiv, bibliotek og gjenstandsamling, kontor og møterom.





Ferdigstilling av byggjeprosjektet er i løpet av 2011 og våren 2012 vil det flotte nybygget vera klart til å ta imot publukum i nye utstillingsareal. Arbeidet med å prosjektere og planlegge utstillingane har allereie starta opp.
Meir info kjem etter kvart som utbygginga går framover.
 

Kva med tilbodet i Eidsborg under bygginga?
Under bygginga vil Eidsborg stavkyrkje, tunet på Uppistog med alle bygningane og kafèen i Larsstoga vere ope. Aktivitetar for born og turløyper ut frå museet vil framleis vere tilgjengeleg. Men sjølve museet vil vere stengt under byggjeperioden. Det vil vere ein del arrangement ut over sommaren, og dei vere ute i tunet eller knytt til stavkyrkja. Sjå vår arrangementskalender for meir informasjon.

Flytting av administrasjonen

I byggeperioden vil administrasjonen for Vest -Telemark Museum vera samla på Norsk Skieventyr i Morgedal. Alle telefonnummer, faks og e-postadresser er som før.


Endring i gjenstandsutlån og –inntak i Eidsborg fram til 1.november 2010.
I fyrste delen av byggeprosessen vil magasin og mottak ved museet i Eidsborg vere stengt. I praksis vil dette seie at vi i denne tida dessverre ikkje kan låne ut gjenstandar eller ta imot gjester i magasinet.
Vi har heller ikkje høve til å ta imot nye gjenstandar i denne perioden.
Etter planen skal mottak og magasin vere klare til bruk att den 1.januar 2011.

Velkomen tilbake då!


           



Utskriftsversjon Utskriftsversjon

Aktuelt

Vi går ikke mod Nordpolen, vi går mod Sydpolen
Dette var meldinga mannskapet på båten Fram fekk på Madeira 9.september for 100 år sidan. Alle trudde dei skulle til Nordpolen, men denne meldinga endra livet for fleire av deltakarane.
 

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn