Planlegg du selskap, prøv våre tilbod
Er du av lei hotell, mykje folk og støyande musikk?
Eit selskap på Norsk Skieventyr vil då passe perfekt for deg og dine. Me dekker til bord i kafélokale eller ynskjer du noko spesielt, dekker me til inne i museet. Innsvingen Kafé er kjent for sin gode mat og ikkje minst våre store porsjonar. Me lagar det meste av maten sjølv og me brukar lokale råvarer.
Me har sjølvsagt skjenkeløyve.
Museet sin omvisar vil ta deg med på ein rundtur i skihistoria. Audiovisuelle show, film, utstillingar og spanande historiar gjer selskapet til litt meir enn bare eit vanleg selskap.
Prøv Norsk Skieventyr spesial. Demonstrasjon og prøvesmaking av Østbye klister, ein oppleving som alle vil hugse.
Ynskjer du ha selskapet heime hjå deg sjølv har me gode tilbod på catering. Me kan køyre det ut til deg eller du kan hente det sjølv.
Ta kontakt for tilbod og me vil skreddarsy eit opplegg for deg.
Ring telefon 35054250 og spør etter Tarjei eller Tone
Du kan og sende ein e-post til: tarjei@morgedal.com

Utskriftsversjon