Prosjektsamarbeid Norsk Skieventyr og Norsk Handverksutvikling

Vest Telemark Museum/Norsk Skieventyr (NSE) har dei siste tre åra hatt eit samarbeid med Norsk Handverksutvikling (NHU) på Maihaugen, Lillehammer. NHU sin hovudoppgåve er å arbeide med vern, vidareføring og utvikling av handverk som kunnskap, uttrykksform og yrke. NHU skal  og oppretthalde og styrke fag som regnast som små og verneverdige.
Lengre ned på sida kan du lese om skimakingsprosjektet.

Samarbeidet med NHU fortsett i 2009 og tema for prosjektet er hudsko eller fitir som er det lokale namnet. Hudsko blei mykje bruka om vinteren i gamle dagar. Hudskoa kunne ein skaffe seg lett virke til og mange kunne saume  dei sjølve. Tæsur og plugga sko av lær blei laga av folk som var skomakarar  og desse skoa vart ein del dyrare. I hudskoa bruka dei halm/høy for at dei tynne hudskoa ikkje skulle vera så kalde. Når folket skulle på ski bruka ein og hudsko, når hudskoa fraus fast i vidjebindingen sat skia godt fast på beina.
Under skimakingsprosjektet fann me fort ut at dagens  skisko/støvlar passa dårleg til vidjebindingane. Dagens moderne utstyr er for harde og derfor vart slitasjen på vidjebindingane stor.
I dag er det ikkje så mange som kan denne tradisjonen med å lage hudsko som vart bruka i Morgedal og omegn på 1800-talet. Nok ein gong er det Åsmund Kleiv som er tradisjonsbæraren og han stiller opp for å lære frå seg kunnskapen og handverket. Prosjektet vil og knytte til seg andre i frå Øvre Telemark som ennå kan hugse korleis hudskoa vart laga.
I løpet av hausten vil det vera fleire samlingar der ein går igjennom prosessen frå ein får hud til ein har klar ferdig sko. Arbeidet vil bli dokumentera  skriftleg, med bilete og med film. I desember er prosjektperioden over og det vil vera klar ein rapport som vil vera tilgjengeleg på våre heimesider og på NHU.
 
Prosjektet NSE /NHU har samarbeid om er skimakingstradisjonen.  Morgedal og Telemark har hatt ein sentral plass i skihistoria og ikkje minst har utviklinga av ski vore viktig. Telemarkskia på slutten av 1800-talet la ein mal for skiproduksjon rundt omkring i landet og utlandet.

Prosjektet hadde tre målsetningar

 
  1.       Å ta vare på dette gamle handverket og teknikkane ved å overføre kunnskapen frå ein tradisjonsbærar til nye handverkarar.   
  2.     Å dokumentere prosessen frå å finne det rette emne til skia var ferdig,  skriftleg, ved foto og ved film. Samle inn munnleg informasjon som ein kjenner til om     treskiproduksjon.
  3.    Det er og ynskje om handverket kan nyttast i næringsmessig tiltak. I prosjektet ”Frå vogge til Mekka” som er i Morgedal vil denne kunnskapen og aktiviteten vera eit viktig bidrag.
 
Dette er ein tradisjon som er i ferd med å forsvinne rundt omkring i landet. I Morgedal har Åsmund Kleiv (85 år) halde på denne tradisjonen og han var ivrig læremeister for Terje Haugen (36 år) og Tarjei Gjelstad (45 år), begge Morgedal.
 
 
 



Utskriftsversjon Utskriftsversjon

Aktuelt

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn