800 års noregshistorie levande fortald på 1,5 time

800 års noregshistorie sett gjennom ei lita stavkyrkje - Ei munnleg forteljing.
I mellomalderen var det små stavkyrkjer i kvar einaste vesle bygd i Noreg. Dei var sentrum for det sosiale og religiøse livet, nokre stader heilt fram til i dag.
Med bakgrunn i boka ”Stavkyrkja i Eidsborg. Ein biografi” (Spartacus 2008) viser forfattaren og religionshistorikaren Øystein Morten korleis konfliktar og dramatikk i noregshistoria dukkar opp som dramatiske hendingar og mystiske spor i eit lite kyrkjeskip.
Føredraget er følgd av store, detaljerte og fargerike teikningar frå kyrkja. Det vert halde i ein levande forteljarstil.
Lengde: Ca. 1 time og 30 minuttar.
Pris: Kr. 2250,-
Kontakt: oystein.morten@gmail.com
Bjarte Botnen, Vårt Land.
”… i staden for å vere eit objektivt fundament, inngår kyrkja som ein slags hovudperson i boka, der historiske hendingar, ritual og seremoniar gjev kjøt og blod til ei kronologisk historie, fylt med kunnskap, informasjon og underhaldning. Dette gjer boka både interessant og lesarvenleg for professorar så vel som for den vante mannen i gata.”
Ingebjørg Bø, Telemarksavisa.


Utskriftsversjon