Velkomen til Vest-Telemark Museum
Eit besøk til Vest -Telemark Museum gjev deg flotte opplevingar, mange spanande utstillingar og gode forteljingar.
Vest-Telemark Museum har eit mangfald av museum og attraksjonar. Kunst, skulpturar, biletgalleri, gamle bygdetun, stavkyrkje, gruvedrift og skihistorie er litt av det du kan oppleve på våre museum.
Klikk deg rundt på vår heimeside og les meir om våre tilbod og attraksjonar.
Utbygging i Vest-Telemark Museum
Hovudbølet i Eidsborg står no ovanfor ei omfattande renovering og utbygging. Bygget skal vera ferdig i løpet av 2011 og våren 2012 vil anlegget vera klart for publikum.
Planlegg du selskap, prøv våre tilbod
Innsvingen Kafé er kjent for sin gode, heimelaga mat til hyggelege prisar. Prøv vårt tilbod på selskap og catering.
800 års noregshistorie levande fortald på 1,5 time
Med bakgrunn i boka ”Stavkyrkja i Eidsborg. Ein biografi” viser forfattaren og religionshistorikaren Øystein Morten korleis konfliktar og dramatikk i noregshistoria dukkar opp som dramatiske hendingar og mystiske spor i eit lite kyrkjeskip.
Aktuelt

Vi går ikke mod Nordpolen, vi går mod Sydpolen
Dette var meldinga mannskapet på båten Fram fekk på Madeira 9.september for 100 år sidan. Alle trudde dei skulle til Nordpolen, men denne meldinga endra livet for fleire av deltakarane.
 

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn