Vinjestoga


 

Vinjestoga er barndomsheimen til diktaren, journalisten og språkmannen Aasmund Olavsson Vinje. Høyr om livet i barndomsstoga, om korleis Vinje vart ein av dei fremste diktarane i Noreg og om journalisten Vinje.
Stoga ligg ved europaveg 134 på Vinjesletta i Vinje kommune. Ho er ei typisk husmannsstoge frå 1800-talet. Her vaks Aasmund opp.

Framleis står mykje av interiøret att frå den tida då Aasmund og familien hans budde i Vinjestoga. Her er mellom anna seng, bord og stolar, samt bjølla som Lykle, mor til Blåmann truleg bruka. Noko har komme til i seinare tid, til dømes skrivepulten Aasmund bruka då han jobba i Justisdepartementet. Andre gjenstandar er ei skreppe og ei kiste, samt eksemplar av ”Dølen” - Vinjes eige tidsskrift, samt diverse brev og skrifter.

Som liten skal Aasmund ha vore noko for seg sjølv. Han kunne parodiere presten i bygda, eller ha høgtlesing for slekt og vener. Leselysta var stor allereie då han var gut. Då han hadde lese Bibelen, Holberg, Petter Dass og Snorre, var det ikkje meir å finne i heimen. Då måtte han ty til presten, som kunne låne han bøker.

Då han var konfirmert, reiste Aasmund frå Vinje for å gå på skule. Han kom likevel attende fleire gonger. Ein periode var han også omgangsskulelærar i bygda. Frå å vere ein fattig husmansgut vart Aasmund Olavson Vinje ein av våre framste diktarar. Han skreiv mellom anna ”Blåmann”, ”Du gamle mor”, ”Den dag kjem aldri”, ”Storegut”, ”Ved Rundarne”, ”Tyteberet” og ”Ferdaminne”. Gjennom skrivinga bidrog Aasmund Olavson Vinje, saman med Ivar Aasen og Arne Gardborg, til å bygge opp nynorsken som eige skriftspråk. Frå 1858 – 1870 gav han og ut sit eige frie og uavhengige blad – ”Dølen”, og har i ettertid vorte reikna som Noregs fyrste moderne journalist.

Inne i Vinjestoga

I Vinjestoga kan ein i dag oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til Aasmund Olavsson Vinje. Grupper kan tinge omvising med kåseri og song framført av familien Nordstoga.

Aktuelt

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn