Vinje biletgalleri


 

Nær 40 somrar i grenda Smørklepp sette sitt preg på kunstnaren Henrik Sørensen. Midt i "målarlandskapet" finn du no eit særprega galleri i naturstein med ei stor samling av måleria til Sørensen.

Harald Kihle har og fått sin plass i galleriet. Sørensen og Kihle både arbeidde og budde mykje ilag i Smørklepp.

Målaren Henrik Sørensen (1882 - 1962)
Henrik Sørensen var ein kunstmålar som veksla mellom varme lyriske kvinneskildringar, religiøse bilete og dystre ekspresjonistiske krigsmåleri. Men framfor alt er han kjend for dei stemningsfulle naturskildringane frå Telemark. Han var elev av Matisse i perioden 1908 til 1910.

Henrik Sørensen utførde ei lang rekke offentlege dekorasjonar: Ullevål sjukehus, Linköping Domkirke, folkeforbundets palass i Geneve og Oslo Rådhus.
Målaren Harald Kihle (1905 - 1997)
Harald Kihle er ein kunstnar som har tydd mykje for oss i øvre Telemark. Han har i sine skildringar av folkeliv og natur vist oss "Det løynde Telemark" og lært mange å setje pris på kunsten.
Han er mest kjend for å bruke hesten i bileta sine. I tillegg har han skildra mange kjende telemarkingar frå segn og soger så som Guro Heddelid, Myllarguten, Storegut og Torbjørg Ripilen.
Aktuelt

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn