Skuletilbod


Ski i skulen
Har du høyrt om Sondre Norheim? Veit du kvifor det heiter telemarknedslag? Visste du at ordet slalåm er eit dialektord frå Vest Telemark? Ein skidag i Morgedal vil gje deg svar på dette.
Aasmund Olavsson Vinje: 8.-10. klassetrinn / Norsk og samfunnsfag
Her kan du bli kjend med Aasmund Olavsson Vinje gjennom tekst, bilete og lyd. Dette er eit nettbasert undervisingsopplegg om diktaren, journalisten og språkmannen Vinje. Ein kan finne stoff om livet hans, lese dikt han har skrive og lese tekstar frå avisa Dølen. Her er óg framlegg på bøkar for vidare lesing, og eksempel på oppgåver. Prøv til sist dei nye kunnskapane dine om Vinje og ta Vinje-quizen.
Klikk her om du ynskjer å gå i Vinje sine fotspor.
Brynesteinsproduksjon i Eidsborg: 8.-10. klassetrinn
Her finn du eit gratis nettbasert undervisningsopplegg om brynesteinsproduksjonen i Eidsborg. Opplegget knyter brynesteinsproduksjonen opp til Telemarkskanalen. Opplegget inneheld ein powerpoint-presentasjon, ressurstekst, spørsmål og forslag til oppgåver.
Tradisjonsklede: 9. trinn / Kunst og handverk, KRL, norsk, samfunnsfag, gym
I 9. klasse får mange elevar bunad eller kufte for fyrste gong. Kvifor får ein tenåring eit slikt plagg akkurat då, når dei mest sannsynleg er meir opptekne av moteklede? Kva seier tradisjonell klededrakt om norsk kultur, historie og identitet? Kor langt tilbake gjeng bunadtradisjonen?
Brettspel: Mellomtrinn - ungdomstrinn / Tverrfagleg
På Vest-Telemark Museum i Eidsborg kan du lære om brettspel frå vikingtid og mellomalder. Brettspel var ein utbredt aktivitet som også hadde betyding utanfor leik og fritid. Å vere god i brettspel var noko ein skrytte av, for det gav høg status. Dei hadde ein viktig plass i folks religiøse førestillingar, og ein gjeng ut ifrå at dei spela ei rolle i symbolske handlingar. I tillegg kunne brettspel ha magiske eigenskapar!
Stav og laft: 5.- 7. klassetrinn / Kunst- og handverksfag
På Vest-Telemark Museum sitt anlegg i Eidsborg finn du hus og gjenstandar frå nærmiljøet ditt. Mange av tinga på museet er fleire hundre år gamle, medan andre er langt nyare. Alle husa på museet er anten lafta eller stavbygde. Det er desse byggjeteknikkane du skal lære om i dette undervisningsopplegget. I tillegg skal du lære om det vi kallar byggjeskikk, og du skal få vite meir om treet som byggjemateriale.

Stav og laft - Elevhefte.pdf
Stav og laft - Lærarrettleiing.pdf
Jol i gamle dagar: 1.- 4. klassetrinn / Samfunnsfag
Korleis feira dei jol på ein gard i Vest-Telemark for 150 år sidan? Me inviterar elevane med på ei reise tilbake i tid, til jolaftan på ein gard tidsett til 1850. Elevane får sjå og skal tenkje over kor mykje truir og skikkar har forandra seg.

Jol i gamle dagar.pdf
Aktuelt

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn