Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland og ein kopi av atelieret hans i Rauland. Kvart år er det nye særutstillingar.

Særutstilling Olav K Vaagen
I sommar kan du oppleve kunstnaren Olav K Vaagen på Skinnarlandssamlinga. I perioden 25.juni til 9.august er det ei utstilling som viser arbeidet til kunstnaren som vart født og oppvaksen på Møsstrond.
Årets kunstnar i 2009 var Knut Skinnarland
I samband med Den kulturelle skulesekken arbeidar skulane og barnehagane i Vinje kommune kvart år med "Årets kunstnar". Knut Skinnarland var Årets kunstnar i 2009, 100 år etter at han blei fødd.
Knut Skinnarland (1909-1993)
Knut Skinnarland var av dei fremste norske bilethoggarane i sin generasjon. Han vart fødd på Rauland. Gjekk på kunst- og handverksskule og kunstakademi i Oslo.

Frå 1948 var han knytt til restaureringsarbeidet av Nidarosdomen. Av arbeid elles kan ein nemne fiskarmonumentet i Ålesund og i Akureyri på Island, monumentet over A.O. Vinje og over Sondre Nordheim.
Aslak Svalastoga (1895 - 1970)
Motiv frå folkeliv og diktning går att i Aslak Svalastoga sine mange figurar og relieff. Han vart fødd i Rauland, og laga kunst som ofte hadde ein sosial tendens. Svalastoga var representert med trefigurar på Statens Haustutstilling. I tillegg til Skinnarlandsamlinga står arbeidet hans også utstilt på Raulandshuset og Raulandsakademiet.
Skulpturkrok for born
Her kan kreative born lage sine eigne skulpturar etter å ha fått inspirasjon frå dei store kunstnarane.
Aktuelt

Vi går ikke mod Nordpolen, vi går mod Sydpolen
Dette var meldinga mannskapet på båten Fram fekk på Madeira 9.september for 100 år sidan. Alle trudde dei skulle til Nordpolen, men denne meldinga endra livet for fleire av deltakarane.
 

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn