Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? På Kviteseid Bygdetun finn du svaret på dette. Museet formidlar og Kviteseid gamle kyrkje samt eit utstillingsbygg med skulpturane etter Gunnar Utsond. Her er det mange tilbod både for born og vaksne

Kviteseid bygdetun på Facebook



Bjørn Eidsvåg på Kviteseid bygdetun
Sundag 8.august er det klart for ein av dei mest folkekjære artistane me har i Noreg på Kviteseid bygdetun. Rockeprest og Spelemannsvinnar Bjørn Eidsvåg med band har konsert kl.19.00. på utescena denne sundagen i august.
Sommaren på Kviteseid bygdetun
Eit spanande og variera program for Kviteseid bygdetun er no klart. Sesongen i 2010 startar 12.juni med eit opningsarrangement.
Ta deg ein digital rundtur på Kviteseid bygdetun
Via eit kart kan du her klikke deg inn på kvar einskild bygning ved museet i Kviteseid. Her ligg det opplysningar om alle husa og du kan få lære om detaljar.
Utsondhalli
Kunstnaren Gunnar Utsond gav skulpturane sine til Kviteseid Kommune før han døydde og desse er idag samla i "Utsondhalli" på Kviteseid Bygdetun.

Gunnar Utsond debuterte på haustutstillinga med skulpturen "Gut som spikkar" (biletet til høgre) Utsond er best kjend for skulpturen "Helferd" som vann gullmedalje ved verdsutstillinga i Paris i år 1900.
Aktuelt

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Bjørn Eidsvåg på Kviteseid bygdetun
Billettsalet til årets sommarkonsert med Bjørn Eidsvåg har starta. Sundag 8. august kl 19.00 kjem BJØRN EIDSVÅG m/band til Kviteseid bygdetun.
 

Flott utstillingsopning Dyre Vaa -samlinga og Skinnarlandsamlinga
Torsdag 24. juni kl 18:00 var det utstillingsopning på Rauland kunstmuseum. Programmet var kåseri om kunstnarane Tor Vaa og Olav K. Vaagen, informasjon om utstillingane, musikalske innslag og enkel servering.
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Årets Sogelandsbrosjyre er no klar
Øvre Telemark er kjend for sin rike forteljartradisjon. Sogelandet byd på eit vidt spekter av førestillingar , friluftsspel, vandringar og tilstellingar der du kan oppleve sogetradisjonen og folkeleg forteljarkunst.
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn