Mange glade og gode barn på ski
Aldri har vel slagordet til Noregs Skiforbund passa betre, nesten 800 ungar prøvde seg i skileikområdet i Morgedal. Skular frå Skien, Sauherad, Nissedal, Seljord, Tokke og Kviteseid prøvde seg i løypene etter Sondre Norheim
Arven etter Sondre
Morgedal er kjent som den moderne skisportens vogge og Sondre Norheim blir kalla den moderne skisportens far. Denne vesle filmen syner deg kvifor.
Husflidsprosjekt på nett
Frå år 2000 til 2005 følgde Vest-Telemark Museum, Telemark Museum og Husflidskonsulenten i Telemark, fem husflidsprodusentar innan kvart sitt felt for å få innsikt i deira bakgrunn, produksjon, marknad og tankar rundt sitt virke. Me ville kartleggje den dåverande status i kunsthandverk/husflidsmiljøet, og såg på tendens i kva som blei gjort. Resultatet vart seinare presentert i ei vandreutstilling. No har me tilpassa utstillinga for nett.
Film om brynesteinsproduksjonen i Eidsborg
I denne filmen får du eit innblikk i brynesteinsproduksjonen i Eidsborg, som sett på spissen er den lengste industrihistoria i landet. Produksjon har foregått i ein eller anna form heilt frå 700 e.Kr og fram til 1950. Brynestein er av kvartsitt og brukast til sliping av verktøy. På grunn av den gode kvaliteten var steinen frå Eidsborg svært ettertrakta og vart eksportartikkel allereie i vikingtid, då den vart spreidd utover Europa med vikingskipa. Brynestein er fylkessteinen for Telemark.

Sjå den her
Film om St. Nikuls
St. Nikuls var skytshelgen for Eidsborg stavkyrkje. Der blei det utført eit unikt katolsk rituale, men med element frå heidensk tid, frå mellomalder til rundt 1750. Kvar sankthans vart ein statue av St. Nikuls bore ut og ført tre gonger rundt kyrkja og Eidsborgtjønni, der den vart rituelt vaska. Dette vart gjort for å få gode avlingar og reinse bort synder. Dersom helgenbiletet tok til å sveitte under prosesjonen, kunne denne sveitten ha lækjande kraft. Elementet med ofringar for å få gode avlingar stammar truleg frå den norrøne tro og guden Njord. Filmen viser ritualet gjenskapt som historisk spel, som har vore gjort sidan 2003.

Sjå den her
Aktuelt

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn