På ettermiddagen Kristi Himmelfartsdag, 9. mai kl 16, kan du få med deg eit føredrag i Eidsborg om vakre blomar og deira historie. Jomfru Maria har gjeve namn til mange planter som me kan sjå om våren. Kvifor det?
Årets representantskapsmøte i Stiftinga Vest-Telemark Museum nytta høve til å takke Torgrim Otterholt for lang og tro teneste. Han har vore styreleiar sidan stiftingsmøte hausten 2002.
Sidan 2011 har det vore eit samarbeid mellom Senter for immateriell kulturarv, Maihaugen og Norsk Skieventyr i Morgedal. Samarbeidsprosjektet har vore å rekonstruere ein sørpolslede lik den Roald Amundsen sin ekspedisjon bruka for over hundre år sidan.
Norsk Skieventyr i Morgedal har ope kvar dag, og me har justert våre opningstider på Innsvingen kafè. Det er ope fram til kl. 17.00. måndag til laurdag og til kl. 18.00. på sundagar.
Visste du at Vest-Telemark Museum har dagopen kafé ikkje berre i Morgedal, men òg i Eidsborg? I eit ljost lokale med utsikt mot stavkyrkja og bygdetunet tilbyr me både middag og smårettar, til museets gjester eller tinga grupper i alle storleikar.
Liosmia har vore lagra frå 2006, og svært mange, særskild i smedmiljøet, har etterlyst arbeidet med å få restaurert smia.
No er arbeidet i gang, og me vil gjerne kome i kontakt med smedar som kan gje oss gode råd.
Me har hatt besøk av NRK P2 og programmet Museum. Dei ville gjerne høyre og sjå litt av det ein kan oppleve her, og turen gjekk til Rui-plassen, det nye museet og stavkyrkja i Eidsborg. Vidare drog me til Seljord og fekk høyre om bergverksdrift og bondeopprør.
Sundag 26. august hadde NRK sin 10- timars lange storsatsing langs Telemarkkanalen. Gjennom NRK2, NRK radio og nrk.no kunne me fylgje kanaldronninga Viktoria frå Skien via Kviteseid til Dalen minutt for minutt.
Har du lyst å lære meir om skimaking, kanskje lage dine eigne ski? På Norsk Skieventyr kan du besøke eit skimakarverkstad og sjå korleis Sondre Norheim laga sine ski.
"Sydpolekspedisjon", skiskokasting, skiskyting med pil og boge eller prøvesmaking av "klister" er aktivitetar ein kan oppleve i Morgedal. Små og store grupper kan vera med på ulike aktivitetar på Norsk Skieventyr