VTM-Eidsborg
Museet ligg med dei to opprinnelege Vindlaus-gardane ved Eidsborg stavkyrkje. Her finn du kafè i ei av dei gamle stogene, tilbod for born og formidling av historia frå Vest-Telemark gjennom 1000 år. Høyr korleis det var då folk gjekk til kyrkje på 1200-talet, eller korleis livet var på tunet og i stogene på byrjinga av 1800-talet.
Anlegget i Eidsborg har meir ein 30 hus og bygningar. I tillegg til Eidsborg stavkyrkje finn du mellom anna Stålekleivloftet, Noregs eldste profane trebygning. Tømmeret denne vart bygd av vart felt vinteren 1167. I samlingsbygget finn du rike utstillingar frå folkekunsten med rosemåling, knivar, drikkekar, bunadar, sylv med meir. Historia om Tokkeanlegget vert formidla i eiga utstilling. Vidare historia om den unike brynesteinen; frå tidleg vikingtid eksporterte ein brynestein frå brota i Eidsborg og ut til Europa.
Gjennom kartet kan du her klikke deg inn på kvar einskild bygning ved museet i Eidsborg. Her ligg det opplysningar om husa og du kan få sjå detaljar som runeinnskrifter på loftet, diverse symbol, ein likglugg, lese om spesielle gjenstandar og mykje meir.
La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia til stavkyrkjene og korleis kyrkja i Eidsborg har endre seg frå 1200-talet og frametter i takt med tru og skikk. Her får du mellom anna soga om helgenfiguren Nikuls.
Då Eidsborg stavkyrkje vart bygd ein gong på 1200-talet, vart den vigd til Sankt Nicholas, eller Nikuls som han blir kalla lokalt. Ein statue vart laga av helgenen truleg rundt 1300 og plassert i kyrkja, og den vart snart sentral i ein særeigen kultus.
Kom inn i Juvestoga, set deg ned i ein kubbestol eller i høgsetet til den vidgjetne Juvekongen. Lat deg underhalde av ein omvisar som fortel deg om livet og skikkane i denne stoga på byrjinga av 1800-talet; Veit du kvifor folk hadde so korte senger, eller kvifor dei slo tenner i kubbestolane? Kven trur du budde på kammerset? Slike ting og mykje meir vil du få innsikt i på omvisningane. Du vil også få høyre meir om ”Kongen” som budde i denne stoga.
Loftet på Uppistog Vindlaus er ikkje som alle andre loft. Det har nemleg ei heilt spesiell og lang historie. Så lang er historia at dette er den eldste profane trebygninga i Noreg.
Stavkyrkja i Skafså fekk rundt år 1200 eit nytt krusifiks. Der hang det i over 600 år før det vart flytta til nykyrkja i 1839. Men så kom kunsthistorikar Martin Blindheim i 1977 og fann det han skildra som ”et utmerket arbeide som nå er i en katastrofal tilstand”. Noko måtte gjerast.
Ta med borna til Vest-Telemark Museum og la dei få lafte sitt eige hus. Museet har eit eige laftesett, moro både for born og vaksne. På kort tid klarar borna å lafte eit hus med fleire rom og i fleire etasjar. Stokkane er opp til 150 cm. lange, og gjer det mogleg å konstruere åpningar både til vindauge og inngang.
Kanskje klarar dykk å kopiere eit av husa på museet?
Napoleon sin hæl? Kva kan dette vere for noko? Nokre gonger får museet heilt spesielle gåver.
Grunnleggjarane av Vest-Telemark Museum - Eidsborg (tidl. Lårdal Bygdemuseum) var sylvsmeden Eivind Tveiten (1891-1976) og kona hans, Hæge.