Frå mellomalderen og fram til 1800-talet gjekk det føre seg ei årleg pilegrimsvandring frå Telemark til Røldal. Målet var krusifikset i Røldal stavkyrkje. Legenda fortalde at kvar jonsok sveitta krusifikset i kyrkja, og sveitten var undergjerande. Folk strøymde til frå inn og utland for å bli lækja. Røldal vart på denne tida det nest største pilegrimsmålet i landet.
Nederlandse tekst
Nederlandse tekst
Pilegrimsstemnet i Røldal er knytt til jonsok. I følgje forteljartradisjonen sveitta krusifikset i kyrkja denne natta, og sveitten gav lækjande verknad. 6.juli er ”gammaljonsok”, dvs. jonsok rekna etter den julianske kalender. Vår noverande kalender -den gregorianske- vart innført i Noreg i år 1700. Då vart 18.februar fylgd av 1.mars. I førekant av stemnet vil det også i år vera organiserte pilegrimsvandringar til Røldal. Den lengste, frå Seljord, Kviteseid, Dalen og Vågsli, byrjar den 24. juni. Stemnet startar den dagen vandringa er framme i Røldal, den 2. juli.
Sakte, men svært så sikkert, har det kome til nye bitar det i puslespelet som utgjer pilegrimsvegen frå Vest-Telemark til Røldal. Vi er svært stolte av dei framstega vi gjer. Særleg er bruprosjekta noko vi er glade for å ha fått til. Langs pilegrimsvegen har vi dei siste åra fått bygd opp att heile to bruer som hadde forsvunne.
Pilegrimsvandring 2010. Ei vandring over fleire dagar i skiftande terreng. Det er 4 alternative startpunkt for vandringa: Seljord, Kviteseid, Dalen og Vågsli. For dei to fyrste er startdatoen den 24. juni . Dei som startar frå Dalen møter opp den 26. juni. Frå Vågsli den 30.juni.
Nederlandse tekst
Nederlandse tekst




















