Norsk skieventyr


 

Skientusiastar frå heile verda reiser til Morgedal for å besøke bygda som er kjent over heile skiverda somvogga til den moderne skisport. Norsk Skieventyr er ein naturleg start når du ynskjer å oppleve denne skihistoria.
Etter ein tur i museet skjønar ein kva Sondre Norheim, Torjus og Mikkel Hemmestveit og Olav Bjaaland har betydd for skisporten.

Norsk Skieventyr på Facebook






Ferda mot Sydpolen
14.desember i 2011 er det 100-år sidan den norske Sydpolekspedisjonen leia av Roald Amundsen nådde polpunktet. Morgedølen Olav Bjaaland var ein av dei fem modige mennene ( Sverre Hassel, Oscar Wisting og Helmer Hansen var dei andre) som kunne plante det norske flagget som dei fyrste som nådde denne utposten. For 100 år sidan, 9.august 1910 starta ferda frå Kristiansand med skuta Fram.
Film om Sondre Norheim
"Frikaren på ski", filmen om Sondre Norheim, far til den moderne skisport, er no til sal på Norsk Skieventyr
Planlegg du selskap, prøv våre tilbod
Innsvingen Kafé er kjent for sin gode, heimelaga mat til hyggelege prisar. Prøv vårt tilbod på selskap og catering, me skreddarsyr den menyen du ynskjer.
Kva skjer på Norsk Skieventyr i Morgedal?
Norsk Skieventyr har ope heile året og tek imot gjester kvar dag. Grupper, skulebesøk eller enkeltpersonar er hjarteleg velkomne inn til oss i Morgedal.
Mange glade og gode barn på ski
Aldri har vel slagordet til Noregs Skiforbund passa betre, nesten 800 ungar prøvde seg i skileikområdet i Morgedal. Skular frå Skien, Sauherad, Nissedal, Seljord, Tokke og Kviteseid prøvde seg i løypene etter Sondre Norheim.
Arven etter Sondre
Sondre Norheim og Morgedal er kjente namn i skiverda. Slalåm, telemarksving og telemarknedslag er ord og uttrykk som kjem frå denne delen av Telemark.
Prosjektsamarbeid Norsk Skieventyr og Norsk Handverksutvikling
Hudsko eller fitir var skiskoa i gamle dagar. Norsk Skieventyr i Morgedal samarbeidar med Norsk Handverksutvikling med å ta vare på denne tradisjonen.
Aktuelt

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn