For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

VTM gjev ut Ole Blom sine dagbøker 1809-1846

12. juni kl. 12.30 blei det ei historisk boklansering i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun. Vest-Telemark Museum og Kviteseid Historielag lanserte ei kjeldehistorisk bragd: ein komplett transkripsjon av bevarte dagbøker og brev etter bonde, stortingsmann og ordførar Ole Blom (1784-1846), utgjeve i 2 bind med fotnoter, bilete og fagartiklar av historikar Gunnar Bolstad. Samstundes blei det opna ei utstilling om Ole Blom si tid, med bla. reproduksjonar av historiske kart.

Dagbøkene er trykt i to bind på tilsaman 800 sider, og du kan kjøpe desse på våre museum eller tinge dei på post@vtm.no.

Høyr om Ole Blom på P2 Museum via podkast!

Han var i det hele en Hædersmand, agtet og afholdt i vide Kredse, ikkje mindst af sine Tjenere og Bygdens Fattige, ‘en ægte telemarksk Storbonde i dette Begrebs bedste Betydning’ er det sagt om ham. ‘Fagert er Eftermælet hans’, siges der endnu (1905) i Kviteseid. (B. Blom, 1906, s. 48)

Allereie på byrjinga av 1900-talet nytta Rikard Berge og Jon Lauritz Qvisling Ole Blom sine dagbøker som kjelde for å skildre samfunnslivet i Øvre Telemark på byrjinga av 1800-talet. Ole Blom var, som B. Blom skriv i 1906, «Pot og Pande» i Kviteseid. Dei mange rollene han hadde, gir eit unikt innblikk i kvardagslivet i samtida.

Ole Blom kom frå ei rik slekt med band til både Lårdal og Kviteseid. Som gutunge mønstra han på som sjømann i Skien, men såg seg snart lei av sjølivet. Han tok over leiinga for sagbruket i Skreosen og Vråliosen – ei stilling han fekk frå onkelen i Skien. Han stod òg i teneste hjå grosserar Hans Møller i Skien, der han fungera som eit mellomledd i handelen med Øvre Telemark. I 1817 flutte han til odelsgarden Neset i Kviteseid, og vart same året utnemnd som fyrste forlikskommissær i Kviteseid.

Eit langt tidsspenn

Ole Blom bestemte seg for å skrive dagbok på slutten av året 1808. Her presenterte han seg sjølv gjennom ein kort sjølvbiografi, og sluttar med: «Jeg levede Vel til Aarets Udgang og begyndte med 1ste Januar 1809 at holde efterstaaende Dagbog hvortil haves idag.» Dagboka skreiv han heilt fram til sin død i 1846.

Delar av dagboksnotatane frå 1809-1812, 1817-1821 og 1845-1846 er tidlegare presentert gjennom Berge og Qvisling si historieskriving. Seinare vart det kjend at det eksisterte fleire proto¬kollar med Blom sine dagboksnotatar. Dei tre protokollane som vart funne på Sundet, ein nabogard til Neset der Ole budde størsteparten av livet, inneheld notatar frå perioden 1821-1834. I tillegg ligg det føre ei rekkje kopiar av brev som Ole hadde teikna ned. Desse tre protokollane vart gitt i gåve til Vest-Telemark Museum i 2014. Fram til i dag har museet, i samarbeid med Kviteseid Historielag, arbeidd med å gjere kjelda tilgjengeleg for publikum, og å gi ut Ole Blom sine dagbøker samla for fyrste gong.


Mange viktige verv

Det er ikkje berre dei lokale verva og kontaktnetta som gjer Blom til ein spanande person å studere. Ole Blom representerte Bratsberg Amt på Stortinget i 1821, 1822 og 1824. Her samarbeidde han med andre bonderepresentantar frå Øvre-Telemark; Aasmund Nordgaard, Talleiv Huvestad og Ole Bjørnsen. Skildringane frå denne perioden gir eit unikt innblikk i samtidas politiske røynde og Ole Blom si oppleving av denne.

Den 29de kom Kongen, om Eftermiddagen Kl 7. Alle Tropper vare opstillede paa begge Sider af Veien og Gaderne fra Opsloe til Pallaiet. Jeg havde en god Plads i et Vindue i Storgaden. Kongen var til Hest og reed i smaat Gallop; Statholderen reed ham nærmest, og derefter en utallig Mængde Officeerer: Uagtet det regnede temelig havde han ikke nogen Overkjole paa. Han hilste venligt til alle Sider, hvorfra ogsaa lød Hurraraab. (Ole Blom sine dagbøker, 29. juli 1821)

Etter innføringa av formannskapslova i 1837, vart Ole Blom valt til ordførar i Kviteseid herad. Denne stillinga hadde han fram til 1841. Diverre manglar det dagboksnotatar frå akkurat denne perioden.


Vann sak mot amtmannen i Høgsterett

Den betente saka mellom amtmann Wedel-Jarlsberg og Ole Blom er kanskje den enkeltsaka som har fått størst merksemd i ettertida når det er tale om Ole Blom. Året etter at Ole vart utnemnd til «første forlikskommissær» i Kviteseid i 1817, forsøkte amtmannen å trekkje stillinga tilbake. Blom nekta å fjerne seg då det ikkje fanst nokon årsak til kvifor stillinga skulle fråfalle han. Det vart oppretta ei sak som gjekk like til Høgsterett. Der tapte amtmannen i 1820 og måtte bere saka sine omkostningar. Ole sat på stillinga i mange år framover.

Den 7de Junii en af de vigtigste Dage i mit Liv! Jeg var paa Hvidesøe til mod Aften, da jeg kom Hjem modtog jeg Brev fra advocat Hjelm og Hans Juell fra Christiania at jeg havde vundet min Sag med Amtmanden, og det saaledes, at Amtmanden skulle betale alle Sagens Omkostninger; jeg reiste derpaa atter til Hvidesøe for at glæde Zetlitz med denne Tidende, var der en Stund og reiste Hjem. (Ole Blom sine dagbøker, 7. juni 1820)


Mange historiske skattar

Ole Blom sine dagbøker skildrar både lokale tradisjonar, økonomisk utvikling, og korleis brennevinsforbruket stadig auka etter brennevinslova av 1816. Skildringane av kvardagslivet i Kviteseid gir nytt liv til allereie kjende forteljingar om drukningsulukker og drap.


Eit viktig arbeid

Arbeidet med å gjere Ole Blom sine dagbøker tilgjengeleg for publikum har vore tidkrevjande. Dei fem protokollane er transkribert og kontrollert. Materialet er ordna og kommentert av boknemnda, og skal lanserast i to band på til saman 800 sider. I boknemnda sit Per Ormestøyl (Prosjektleiar, VTM), Dag Rorgemoen (VTM), Johannes Skarprud (Kviteseid Historielag), Leif Roholdt (Kviteseid Historielag).

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg