For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Sjå foto frå Tokkeutbygginga

I samarbeid med Statkraft har Vest-Telemark Museum det siste året publisert mange historiske fotografi frå Tokkeutbygginga (1956-1987).

Eventyret med kraftutbygginga av Songavassdraget starta 23. april 1956. Samla nedbørsfelt for Tokke reguleringsområde er 3104 km2. Området som blei berørt av utbygginga er større enn Vestfold fylke og meir enn 1000 mann jobba på anlegget.

Det ferdige Tokkeanlegget har 8 kraftverk og 16 magasin. Kraftverka nyttar ut tilsiget til vassdraga i kommunane Tokke og Vinje. Vassmengda gjev ein samla årsproduksjon på 4404 millionar kilowattimar, nok til å forsyne omlag 185 000 husstandar i landet med straum.

Tokkeanlegget var i si tid det største i Noreg, med landets lengste demning ved Songavatnet, 108 km tunell og kraftverket "Tokke I" som gjekk på nettet i 1962 med 430 Megawatt effekt.

Kostnad på utbygginga blei 940 millionar kroner som tilsvarar 11 milliardar i dag. Staten klara ikkje å reise den naudsynte kapitalen og måtte låne pengar av verdsbanken og selge obligasjonar.

Kraftutbygginga markera starten på ei ny tid i Vest- Telemark. Ho hadde enorme konsekvensar både for menneske og miljø.

Fotograf Jostein Granlid tok dei fyrste bileta for Statkraft i 1956. Målet var å dokumentere anleggsarbeidet for ettertida. Bileta som no er publisert er først og fremst frå den tidlege fasa på 1950- og 1960-talet.

Ca. 5000 bilete er blitt publisert. Mange av dei er utan opplysingar, eller me har berre litt om tidspunkt, stad, personar på biletet og kva som føregår. Museet inviterar alle som veit noko om dette, til å ta kontakt.

Slik gjør du:

  • gå inn på Digitalt Museum - VTM
  • skriv "Tokkeanlegget" i søkefeltet
  • søk vidare med dine eigne søkeord, eller berre sjå på bileta
  • send ein epost til Halvor Nordal om du veit noko. Skriv biletnummer til dine opplysingar.
  • Du kan også sende opplysingar ved å bruke skjemaet som ligg i Digitalt Museum.

Vil du tinge eit fotografi frå museet, kan du gjere det her.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg