For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Gjenstandar og foto

Den kunst- og kulturhistoriske samlinga er på om lag 20.000 registrerte gjenstandar og omlag 9000 foto.

I 2012 flytta museet inn i nytt samlingsbygg i Eidsborg, og då fekk me betre plass i sikre og klimakontrollerte magasin.

Me har eit hovudmagasin og eit magasin for tekstil. Desse magasina fungerar som fellesmagasin for alle einingane i Vest-Telemark Museum.

Me arbeider kontinuerleg med å gå gjennom samlinga, sørgjer for at gjenstandar blir reingjort, godt dokumentert, og plassert i magasin eller stilt ut. Dokumentasjonen omfattar til dømes informasjon om opphav, bruk, materiale og tilvirking, samt foto av gjenstanden.

Alle gjenstandar blir registrert i databasen Primus, kvalitetssikra og blir dei gjort tilgjengeleg for publikum på Digitalt Museum.

Ynskjer du å få vite meir om samlingane til Vest-Telemark Museum? Me tar gjerne imot førespurnader frå publikum. Studentar og andre interesserte er velkomne til å kome på besøk til museet gjennom heile året for å få sjå på gjenstandar eller anna materiale som me kan hente fram frå magasina. Ta kontakt, så gjer me ei avtale.

Har du gjenstandar, foto eller arkivmateriale frå regionen som du tenkjer kan vera vel verd å ta vare på for ettertida? Ta kontakt med oss på museet for meir informasjon og eventuelt avtale om møte eller synfaring.

Ta kontakt her.

Vil du bestille fotografi, bør du lese om prisar og vilkår for fotobestilling først.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg