For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Organisasjon

Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for drift, vedlikehald og utvikling av musea i regionen. Stiftinga mottek støtte frå staten, fylket, kommunane og frå private, i tillegg til prosjektfinansiering og eigne salsinntekter.

Vest-Telemark Museum har ansvar for musea i Eidsborg og Norsk Skieventyr i Morgedal, for Åmdals Verk gruver, Grimdalstunet, Fyresdal bygdemuseum, Kviteseid bygdetun, Øyfjell bygdemuseum, Rauland kunstmuseum (Dyre Vaa samlingane og Knut Skinnarlands samlingar), Vinje biletgalleri, Vinjestoga og Myllarheimen. I tillegg har me ansvar for ein rekkje privatarkiv, gjenstandssamlingar og andre kulturminne.

Vår kjerneverksemd er å samle inn, dokumentere, ta vare på og formidle regionens kunst- og kulturhistorie gjennom våre utstillingar og bygningar. Men museet er også ein aktiv utviklingsaktør, som utviklar og gjennomfører prosjekt innan kultur, reiseliv og internasjonalt samarbeid.

Museet har ope store deler av året gjennom Norsk Skieventyr i Morgedal (februar til desember) og Vest-Telemark Museum Eidsborg (frå mai til september), medan dei fleste andre einingane har fast opningstid i feriesesongen frå slutten av juni til medio august. Elles er alle einingar tilgjengelege etter tinging på førehand, heile året.

Her finn du museets årsmeldingar sidan nyopninga i 2012 (pdf-format):

Årsmelding 2012

Årsmelding 2013

Årsmelding 2014

Årsmelding 2015

Årsmelding 2016

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg