For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Ledige stillingar

Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for museumsfagleg drift og vedlikehald for Vest-Telemark Museum – Eidsborg, Åmdals Verk Gruver, Fyresdal Bygdemuseum, Kviteseid Bygdetun, Norsk Skieventyr i Morgedal, Øyfjell Bygdemuseum, Dyre Vaa Samlingane, Knut Skinnarlands samlingar, Myllarheimen, Vinje Biletgalleri og Grimdalstunet. Me har i dag 13 fast tilsette og sysselset omlag 18 årsverk. Vest-Telemark Museum er utviklingsorientert og har klare ambisjonar.

Museet skal vere ein mangfaldig og open arena for kulturopplevingar, læring og dokumentasjon, i tillegg til felles drifts- og fagfunksjonar for dei ulike museumseiningane i regionen. Hovudbølet er i Eidsborg, med moderne og gode fasilitetar i eit heilt unikt miljø, med utsikt til Eidsborg stavkyrkje og tunet på Uppistog Vindlaus.


Ledig stilling som økonomimedarbeidar 50%

Som økonomimedarbeidar vil du være i tett dialog med kontorleiar og direktør. I tillegg vil du kommunisere mykje med både kundar og tilsette.
 
Jobben føreset at du har  erfaring med rekneskap og administrativt arbeid. Me treng deg som har drivkraft, godt humør og er dyktig på å yte god service internt og eksternt. 
Som økonomimedarbeidar må du kunne arbeide strukturert, levere kvalitet og overhalde fristar. Det betyr at du ser verdien av å ha gode rutinar og verktøy, men at du og har fokus på forbetringshøve ved å ta tak i ulike interne prosessar som kan bli forenkla og forbetra, og å få desse implementert.
 
Arbeidsoppgåver
•    Ansvar for førebuing rekneskap til rekneskapsførar
•    Ansvarleg for løn og reiserekningar
•    Ansvar for ordre og fakturering
•    Offentleg rapportering
•    Bidra i periodeavslutning, rapportering og årsoppgjer
•    Generelle administrative oppgaver
•    Intern opplæring
 
Kvalifikasjonar
•    Relevant utdanning og erfaring innan reknskap, løn og fakturering
•    Kunnskap om lovar og reglar som gjeld for faget
•    Erfaring med periodeavslutning og rapportering
•    God IT-kunnskap 
•    God skriftleg og munnleg framstillingsevne
 
Personlige egenskaper
•    Du likar kombinasjonen teamarbeid og sjølvstendig arbeid
•    Du trivst med varierte oppgåver og tidvis høgt tempo
•    Du er løysingsorientert, sjølvgåande og fleksibel
•    Du har gode kommunikasjonsevner og likar å samarbeide med andre
•    Du er analytisk, strukturert og nøyaktig i arbeidet
•    Du har interesse for IT og korleis ein kan utnytte ulike løysingar 
 
Me tilbyr
•    50 % fast stilling 
•    Ein spennande arbeidsplass i eit kreativt og samansett miljø
•    Gode høve for utvikling
•    Godt faglig og sosialt miljø
•    Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

Send søknad og vitnemål/attestar til post@vtm.no. Søknadsfrist 10. februar.
For spørsmål kontakt kontorleiar Anne Gundersen 990 94 057
eller direktør Dag Rorgemoen 970 86 084.


ENGASJEMENT KJØKENANSVARLEG/KOKK

Til kafèen i Eidsborg lyser me ut engasjement som kokk/kjøkenansvarleg. Du må vere serviceinnstilt og like høgt arbeidstempo på travle dagar, vere fleksibel, pliktoppfyllande og kunne arbeide både sjølvstendig og i team.
Kjøkenet skal i høgsesong ha eit dagleg tilbod av lunsj- og varmrettar, i tillegg til catering og større opplegg for selskap. Drifta vil samarbeide med vår kafè Innsvingen på Norsk Skieventyr i Morgedal. 
Kvalifikasjonar og erfaring vil vere avgjerande for nærare instruks.

Stillinga har arbeidsstad på Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Museet kan bistå i å finne husvære.
Søkjar må disponere eigen bil.
Det vert lagt vekt på relevant utdanning, praksis og gode samarbeidsevner. 
Stillingsstorleik i perioden er 100%. Løn etter avtale og ordna pensjonsvilkår.  
Tiltreding/sesong frå 15.april - 1.oktober.

Meir informasjon kan du få ved å kontakte direktør Dag Rorgemoen på dr@vtm.no 97086084 eller sjå www.vest-telemark.museum.no

Søknad med vitnemål og attestar sender du til Vest-Telemark Museum, Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo eller på post@vtm.no innan 1.mars. 


MUSEUMSVERTAR og kjøkenassistentar sommaren 2018

Ved fyljande anlegg treng me omvisarar, skranke- og kjøkkenpersonell:
•    Vest-Telemark Museum Eidsborg
•    Øyfjell Bygdemuseum
•    Kviteseid Bygdetun
•    Åmdals Verk Gruver
•    Vinje Biletgalleri
•    Dyre Vaa Samlingane
•    Knut Skinnarland Samlingane
•    Grimdalstunet
•    Fyresdal Bygdemuseum

Fyresdal Bygdetun og Øyfjell Bygdemuseum har helgeope. 
Ved Vest-Telemark Museum Eidsborg treng me og kjøkkenassistentar. 

På nokre av einingane er det naudsynt at du har sertifikat og disponerar bil.

Er du open, sosial og kan språk(minstekrav engelsk) då er dette jobben for deg. Interesse for kultur og historie er ein fordel. Det er ikkje alderen din som tel, men interesse og kvalifikasjonar!

Felles opplæring vert gjeve.

Ved spørsmål kan du ringe Vest-Telemark Museum i Eidsborg (tlf. 35 06 90 90) for alle einingar.

Søknad sendast Vest-Telemark Museum, Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo eller på post@vtm.no innan 1.mars.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg