For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Telemarks sørpolheltar

Legg Telemarks sørpolheltar til i reiseruten din.

Address

Vårstaulv 2
3848 Morgedal

Email

Telephone

Tlf: 35069080

Fram ved Akershus festning

Om

Telemarkingane var aktive på Roald Amundsen sin sørpolekspedisjon 1910-1912. Dette foredraget legg vekt på telemarkingane sin innsats, og historia blir fortalt ved hjelp av originale bilde og filmopptak frå ekspedisjonen.

Foredraget passar til alle aldersgrupper, innhald og uttrykksform blir tilpassa aldersgruppene.

Historia startar frå Fram siglar ut frå Akershus til mannskapet feirar heimkomsten med middag på Grand Hotell. Foredraget tar ca. ein times tid. Projektor og lerrett må vera tilgjengeleg.

Kontakt tlf. 35069080 eller e-post: nse@vtm.no.

Kort om telemarkingane:

Fredrik Hjalmar Johansen (1867-1913) voks opp til å bli ein sprek idrettsgut som hevda seg blant dei beste på ski og som turnar blei han både norsk meister og verdsmeister.

Han gjorde det også bra på skulen, tok artium og begynte på jusstudiet, men måtte avbryte utdanninga da faren døydde. Etter eit år på krigsskulen fekk han løytnants grad, men stod utan arbeid. Takka vera sine idrettslege prestasjonar oppnådde han å bli plukka ut til Nansens nordpolekspedisjon med Fram i 1893.

Nansen ville ha han med seg også på den neste ekspedisjonen, og det var Johansen som fylgde Nansen lengre nord enn nokon før hadde vore.
Etter dette fekk han kapteins grad i Forsvaret og deltok i fleire ekspedisjonar på Svalbard dei neste åra. Med Nansens tilråding i ryggen blei han så utteken til å vera med på Roald Amundsens sørpolferd. Det første forsøket på å nå polpunktet var nær endt med katastrofe. Tidspunktet 8.september var for tidleg på våren og dei var nær ved å omkoma i streng kulde. Dei måtte snu, og under returen til Framheim var det Hjalmar Johansens innsats som gjorde at Kristian Prestrud kom frå det med livet. Dei andre venta ikkje på dei to, og da Prestrud og Johansen også nådde Framheim, oppstod det ein spent situasjon mellom Johansen og Amundsen. Johansen kritiserte mellom anna Amundsen for å ha lagt i veg for tidleg på sesongen og sådde tvil om leiarskapen hans.

Denne episoden førte til at Amundsen fekk Johansen degradert og overført til ein mindre prestisjefylt ekspedisjon med Prestrud – som hadde ein lågare militær grad - som sjef.

Hjalmar Johansens opplevde dette som eit alvorleg nederlag, og berre eit år etter dei kom tilbake til Noreg, tok han livet sitt.

Først med Ragnar Kvam jr si bok om Hjalmar Johansen – "Den tredje mann" – i 1997 fekk han ei delvis oppreising.

Halvardus Kristensen (1879-1919) var berre 15 år da han i 1894 gjekk til sjøs under falskt namn og med forfalska dåpsattest. Men sjømannsboka hans var ekte nok og fortalde at skiensguten var av beste sort både når det gjaldt dugleik og framferd.

Han avtente verneplikta si i marinen då han fekk høyre om Roald Amundsens planar om ei polferd. Han fekk kontrakt som "altmuligmand", og undervegs til Hvalbukta arbeidde han også som maskinist. Sjøfolka som heldt Fram på stø kurs, kom naturleg nok i skuggen av mannskapet som tok seg fram til Sørpolen, men mens Amundsen & co sleit seg fram over isen, nytta sjøfolka under leiing av kaptein Thorvald Nilsen ventetida til å gjera viktig vitskapleg arbeid i Sørishavet.

Etter heimkomsten slo Kristensen seg saman med ein kamerat og kjøpte frakteskuta "Mostein". Håpet var å kunne forsørgje kona, den 16 år yngre Dagmar Karlsen, og etterkvart tre barn. Under dei vanskelege økonomiske tidene under verdskrigen måtte Halvardus ut med "Mostein" i all slags vêr, og i 1919 gjekk det gale. Skuta forliste på Norskekysten på veg frå Kragerø til Haugesund og gjekk ned med mann og mus.

Halvardus Kristensen blei berre 40 år.

Olav Bjaaland (1873-1961) hadde dei beste læremeistrar både som skiløpar og skimakar heime i Morgedal. Etter at han i jubileumsrennet i Holmenkollen i 1902 vann kongepokalen, blei han "internasjonal", og det var på veg til eit stort skirenn i Chamonix i 1909 han møtte Roald Amundsen og ga til kjenne interesse for å bli med på den planlagde polarekspedisjonen.

På ekspedisjonen var det særleg Bjaalands dugleik på ski og som handverkar som kom til nytte. Han blei ein framifrå "løypeleggjar" og vegvisar, ikkje minst da ekspedisjonen fullførte den farefylte oppstiginga til sjølve polplatået, og i verkstaden på Framheim gjorde han både skiutstyret og hundesledane lettare og meir effektive. Kanskje var det derfor heilt naturleg at Amundsen da dei nådde polpunktet sa: "De får gå først De, Bjaaland, som kommer fra Morgedal."

Det var elles Bjaaland som tok det berømte biletet av Roald Amundsen, Oscar Wisting, Helmer Hansen og Sverre Hassel med det norske flagget på polpunktet, og om kvelden overraska morgedølen kameratane med ei tale og med sigarar han hadde gøymt til feiringa.

Etter heimkomsten etablerte Bjaaland ein skifabrikk i Kviteseid. Han gifte seg og dreiv garden Djuve saman med kona Åsne. Da den olympiske elden blei tent framfor vinterleikane i Oslo i 1952, var det Olav Bjaaland som henta elden i grua på Øverbø, fødestaden til skilegenden Sondre Norheim.

Map & Directions

I nærleiken

Besøk også

Øverbø, Kviteseid

Skidag i Morgedal, Kviteseid

Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal, Kviteseid

I nærleiken

  1. Type

    Type:

    Utstillinger

    Snowshoe Thompson, Jon frå Tinn

    Utstilling og ny bok om Snowshoe Thompson: Jon frå Tinn, som vart kjend som postberar på...

    0 m unna
  2. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    0 m unna
  3. Type

    Type:

    Kjente personer

    Sondre Norheim

    Husmannen frå Morgedal som blir kalla "far til den moderne skisport". Født i dei bratta...

    0 m unna
  4. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    2.39 km unna
  1. Type

    Type:

    Utstillinger

    Bruene i Kviteseid 175 år

    Ei unik historisk fotoutstilling som viser historia til bruene over Spjotsoddsundet og...

    14.78 km unna
  2. Type

    Type:

    Utstillinger

    Kviteseid Bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan?

    14.80 km unna
  3. Type

    Type:

    Kirke

    Kviteseid Gamle Kyrkje

    Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a....

    14.89 km unna
  4. Type

    Type:

    Museum

    Øyfjell bygdemuseum

    Øyfjell Bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse...

    16.55 km unna
  5. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    21.93 km unna
  6. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.

    22.47 km unna
  7. Type

    Type:

    Utstillinger

    Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,...

    22.59 km unna
  8. Type

    Type:

    Utstillinger

    Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    22.59 km unna
  9. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    22.60 km unna
  10. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og mange utstillingar....

    22.67 km unna
  11. Type

    Type:

    Museum

    Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    22.72 km unna
  12. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk Gruver

    Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

    24.78 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg