10. juni 2015 er det 190 år sidan Sondre Norheim, far til den moderne skisporten, vart født.
Dette blir markert med songspelet «Sondre Skiløypar» i Bryggeparken i Kviteseid. (NB: Merk staden!)
Forfattaren Olav Mosdøl har skrive kabareten der vi følgjer Sondre frå barneåra og opp gjennom ungdom og alderdom.
Komponisten Gisle Krogseth har sett musikk til eit knippe av Mosdøls viser som blir framførte av Jon Solberg i rolla som Sondre.
Sopranen Ingeborg Fangel Mo har rolla som Rannei, kona til Sondre.
Førestillinga startar kl. 17.00 med Kviteseid Hornmusikk. Dei vil spela "Levva livet" av Åge Aleksandersen og "Møkkamann" av Plumbo.
Musikarar er:
Sara Fjågesund Aase—hardingfele
Ingri Elise Engeland— fløyte
Gisle Krogseth—gitar.
Soga om Sondre blir fortald av Olav Mosdøl sjølv, som gjennom tekster og humoristiske glimt gjev oss innsyn i Sondre Norheims liv.
Arrangementet er på Bryggeparken i Kviteseid.
Pris kr 200/100 voksen/born, berre kontant betaling.
Les meir om Sondre Norheim her
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…