For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Sondre Norheim

Legg Sondre Norheim til i reiseruten din.

Address

Vårstaulvegen 2
3848 Morgedal

Email

Telephone

Tlf: 004735069080

Sondre Norheim

Om

Sondre Norheim vart fødd på husmannsplassen Øverbø i Morgedal 10. juni 1825.

Den vesle plassen høyrde til Kleiv og Bjåland og låg øvst oppe i lia, eit stykke frå dei andre gardane. Auver, far til Sondre, måtte slite hardt for å berge seg og familien. Han var ein dyktig handverkar, særlig var han kjend for å binde vevskeier (trådfordelar til veven), og lage hattar. Veving var utbreidt på den tida og Auver hadde mykje arbeid med å skaffe vevskeier til kvinnene rundt om på gardane i og utanfor bygda.

Barndomen

Like etter at Sondre vart fødd flytta Auver og Ingerid til plassen Kvæven, eit lite stykke nord-aust for Øverbø. Men berre to år gammal blei Sondre og den to år eldre broren Eivind morlaus. Dei to gutane vart buande på Øverbø hjå besteforeldra i oppveksten, og då faren seinare gifta seg opp att flytta dei attende til Kvæven.

Sondre og Eivind var ikkje gamle gutane før Auver laga ski til dei. Sondre var svært ivrig og kunne halde på i bakkane i timesvis, medan Eivind var meir oppteken av å lære seg arbeidet til faren. Auver var ikkje berre glad for at Sondre støtt var å finne i skibakkane. Ungane skulle også ta del i arbeidet - og det frå dei var ganske små. Ein skulle skilje mellom det nyttige og leiken, iallfall måtte leiken slutte av lenge før konfirmasjonen. Sondre var, som andre husmannsungar, nøydd til å vere med i arbeidet. Han var gjetargut og slåttekar og i vedskogen vart det og mange tunge tak.

Far til Sondre lærde gutane sine kunsten å lage vevskeier. I dette arbeidet var det viktig å vere tolmodig. Avstanden mellom tindane måtte vere heilt lik elles ville tøyet bli ujamt. Sondre vart ein god skeibindar og seinare drog han frå gard til gard med handverket sitt og fekk namnet "Skeie-Sondre". Etterkvart vart han også flink i å handtere kniven, m.a. fekk han mykje ros for nokre fine trehyller som han laga.

Sjølv om Sondre etterkvart blei ein anerkjend handverkar var han rastlaus og utolmodig av legning og utførte ikkje alltid arbeidet med like stor entusiasme. Handverk og skulearbeid likte han lite. Den einaste skulegangen Sondre fekk var nokre veker omgangsskule om vinteren. Likevel lærte han både lese og skrive.

Skileiken

"Kring han ei verd full av nutar, ulende, ufsir og bratte bakkar, emningstre, vevskeiir, hattar og armod, ei vrang og rar ABC og mykje nyttelaus lesing. Men ute lokka bakkane på han og han laut svara. Der reinskreiv han sine første svingar og lærde å setje både ropeteikn, punktum og lange tankestrek -- ".

Sitatet er henta frå Torjus Loupedalen, "Morgedal Skisportens Vogge" og gjev eit godt bilete av Sondre og den "verda" han levde i. Sondre var ein lystløypar på ski i ei verd av hardt arbeid og stor fattigdom. Bygda hadde stort overskot av folk og kunne ikkje gje arbeid til alle. Husmannsvesenet var utbreidt på landsbygda, og folk levde av det plassen kunne gje, ofte i tillegg til eit handverk. I fritida fann folketrykket utløysing i dans og leik. På grunn av klimaet var vintrane snørike og ski var eit viktig framkomstmiddel. Men skia vart også brukt til leik og moro. Dei skipa til skirenn, etterkvart også med premiar.

Første gong Sondre synte fram sine uvanlege skieigenskapar var på Kvæven. Sondre og Eivind hadde bestemt seg for å prøve og hoppe på ski frå taket heime. Dei fann fram stigen og la den frå taket og opp mot bakken på oversida av plassen. Over stigen la dei bord og granbar, og dekka over med snø. Sondre ville prøve først og la ut frå lia. Dei vaksne var inne i stova og gjennom glaset fekk dei sjå Sondre komme i full fart ned mot stova og opp på taket. Dei høyrde han sparka til på mønet så det knaka i huset og der fekk dei sjå Sondre fly gjennom lufta og lande i laussnøen langt nedanfor. Eivind hoppa også, men Sondre var yngst og først, så gjetordet om karstykket blei tillagt han.

Som ungdom var Sondre mykje i Setesdalen. Han drog over fjellet for å selje og reparere vevskeier og ta seg tilfeldig arbeid. Om sommaren fekk han seg arbeid som slåttekar og smed og om vinteren som tømrar eller tømmerhoggar. Han tok også på seg arbeid med å køyre heim høy frå heia på vinterføre. Vanlegvis vart vinterforet frakta med hest og slede. Hesten var utstyrt med truger for ikkje å søkke for djupt ned i snøen. Sondre derimot, køyrde høyet ned frå heia på ryggen eller på ein slede med ski. På denne måten kunne han kombinere skileik med nyttig arbeid.

Kastedalskotet

Nokon stor arbeidskar var han heller ikkje i Setesdalen, men han var populær og fekk både arbeid og husrom. Om vintrane slo han seg ofte ned der det var skimiljø og gjorde låmer ingen hadde sett maken til. Ingen har gjort dei etter han heller, for den del. Meisterlåma gjorde han likevel i Morgedal - ned Kastedalskotet. Terrenget rundt Kastedalen var det vakraste og villaste i bygda. Ein vinterkveld då Sondre og Talleiv Kastedalen kom frå tømmerhogst, stoppa dei på kanten og såg nedover dei bratte liene ned i Kastedalen.

Då fekk dei det for seg at no var tida inne for å sigre over Kastedalskotet. Loupedalen har skildra den ville ferda på denne måten;

"-Sko me løype her, sa Sondre. -Tør du løype fyri så legg eg etter, svara Talleiv. Sondre stakk øksi ned attom trøyekragen, retta på skibandi og sikta upp leidi nedigjennom. -Pass på du høgg deg kje, sa Talleiv. -Pass på du skyt deg kje, svara Sondre, for Talleiv bar børsa, og la utivi. Komne ned til husi på Kastedalen laut Talleiv leggje seg, men Sondre leg det stande til utivi brattaste skotet nedom husi og ned Moskjei. Då skii mest ikkje rann lenger, gjorde han eit hopp ende upp og huva. Talleiv hadde kara seg uppatt og kom løypande etter. Og endå var han kar. - Det sko ingen skjeibindar te løype forbi meg, sa han."

Familieliv

I 1854 gifta Sondre seg med Rannei Åmundsdotter. Begge to var 29 år gamle, og saman skulle dei streve for å bygge seg ein heim og halde liv i familien. No var det slutt med det frie livet til Sondre som lausarbeidar og dansemeister, men med løypinga blei det som før. Ansvarskjensla hans var vel ikkje den sterkaste. Mykje av arbeidet gjorde han halvferdig og bygdefolk og andre tykte nok han var ein dårleg husmann og familieforsørgar som kun var oppteken av ski og moro. I dagens terminologi ville han sannsynlegvis blitt kalla ein kunstnar og bohem.

Fattigdomen var dagleg gjest i stova hjå Rannei og Sondre, men Rannei var dyktig med strikk og saum og medverka sterkt til å halde liv i den veksande familien. Ho var flink og tok på seg alt slags arbeid på plassar og gardar. Rannei ver netthendt, sterk og tolmodig og fekk mykje ut av lite, men Sondre rota det bort med skigalskapen sin. Han hadde også eit godt handlag, men var utolmodig og gav seg lett. Men med skiløpinga gav han seg ikkje. Det blei nok mange tunge stunder for en barneflokk på seks.

For å hjelpe familien gav ein gong fattigtilsynet ei tønne med settepoteter til Sondre, for at familien skulle ha mat til hausten. Sondre sette potetene i jorda, men seinare fekk tilsynsmannen vite at Sondre hadde grave potetene opp att og ete dei opp. Då han spurde om det var sant svara Sondre, "ja, eg ville hell så røtar."

Men Sondre hadde også mange gode eigenskapar. Han var snill og omgjengeleg og glad i barn. Mange av dei kjende skiløyparane som følgde etter han kan takke Sondre for den lærdom han gav dei medan dei var små. Rundt om på gardane sto smågutane i vindauga og kikka etter om ikkje Sondre ville komme i skibakken. Såg dei han komme i sin karakteristiske stil, blei det liv bak rutene, og då var dei ikkje til å stoppe. Skia måtte på, for han Sondre var i skibakken, og snart var det eit myldrande liv der. Sondre bygde hopp og sto sjølv først utfor for å vise den rette måten å satse på, opptrekket i lufta og det fjærlette nedslaget, enda han nærma seg 50 år. Det var liksom Sondre aldri blei heilt vaksen, har Mikkel Hemmestveit fortalt.

I 1850/-60 og - 70-åra utvikla det seg ein sterk "skikultur" i Morgedal. Miljøet rundt Sondre var prega av mykje moro og stor dugleik på ski, og lokal kappleik bidrog til eit særdeles høgt nivå på den tida. Blant dei unge i bygda var Sondre ein god og svært populær læremeister.  Alle kjende til Sondre sine skilåmer og alle var opptekne av å gjere dei same "låmene" etter han. Sondre sette stor pris på skileiken saman med ungdommen. Han lagde ski til både jentene og gutane og gav dei instruksjon. Ingen av Sondre sine ungar syntes å vere særleg interessert og han pressa dei heller ikkje. Dei var nok meir opptekne av å skaffe familien mat og pengar.

Sondre og fleire andre eksperimenterte i lengre tid med forskjellig skiutstyr. Til fottøy blei hudskoa mest brukt. Dei vart laga av hasene på kua fordi skinnet var sterkt og røyta lite. Hudskoa fylte dei med halm slik at vidjebindingen ikkje gnagde seg inn i foten. Halmen heldt i tillegg føtene forholdsvis varme. Til binding var ilkebindingen mest brukt. Denne besto av to vidjeløkker som tåband og ei løkke under foten - ilken (tåballen). Men ilkebindingen gav dårleg støtte og i arbeidet med å frakte ved eller høy med slede skjedde det ofte at bindingen svikta. Sondre eksperimenterte mykje med å utvikle ein sterkare binding og gjere skia betre til å svinge med. Han kom til slutt fram til ein binding laga av vidje der han kombinerte tåbandet med eit hælband. Med hælbinding og kortare terrengski som bar godt i laussnø blei det meir variasjon i skiløypinga. No vart det lettare å køyre med parallelle spor, svinge, hoppe og gjere fine nedslag.

Skirenn

Trass i pliktene som familieforsørgar og husmann heldt Sondre fram med skileiken og glansperioden hadde han i 1860-åra. Då gjorde han dei beste låmene, men det var først i 1868 at han deltok i renn i Christiania. I 1866 blei det første skirennet med premiering skipa til. "Løypemøtet på Ofte" i Høydalsmo var kun for bygdefolket, men Sondre Norheim var likevel beden om å bli med, for å kaste glans over rennet. Ikkje uventa vann Sondre og første premien var ei stor stoveklokke, som var verd minst 5 spesidaler. Doktoren i Lårdal, Andreas Bakke, arrangerte rennet, og etter premieutdelingen samla han inn pengar til ein ekstrapremie til den som ville sette ut frå Oftenuten.

Loupedalen beskriv det på denne måten: "Det va buskerudd ei liti glenne uppette te toppen av ein liten nut, Oftenuten, som låg uppom skibakkjen. - Hoss trur du deg nå, Sondre, va det nokon som spurde, -Eg ' kje redd, svara han. Trur du deg på toppen? - De sko sjå meg der som ein orrhane, va svare."

Det var fleire som ville prøve seg, men dei var nok meir uvørne enn dyktige, og ein etter ein datt dei i dei stygge og vanskelege kneikane.

"De fysste folk neonde søg Sondre pø sprøyten, va de som han kom utav lause lufti. Bjørkesvigar å holt toss sjuge ikring'n te'n kom på låmi neonde. Han vringla å kroka m' ski å va lissom heilt lealaus. Tørr å skrinn va'n å buksun slong ikrin'n. De skrangla å skronde onde skii i den hare, gruffute å uppløpte bakkjen te han kom på låmi å hoppa dugaleg langt i den vanlege hoppbakkjen au. Han va sovidt komen neonde hoppe so svinga han midt i bakkjen."

Ekstrapremien gjekk til Sondre.

Den moderne skisport vart født

I 1861 blei "Centralforeningen for Udbredelse af Vaabenbrug og legemsøvelser" stifta. Den landsomfattande organisasjonen oppfordra til å danne skyttarlag som også skulle drive med skiløyping. I 1867 sender Centralforeningen ut melding om at det skulle haldast premieskirenn i Christiania. Dei hadde høyrt om den dyktige skiløyparen frå Morgedal og ein kald desemberdag får Sondre brev med invitasjon om å delta i premierennet.

Sondre, som no var 43 år og "fattig som ei kjørkjerotte" (Loupedalen), ville ikkje for nokon pris unnvere skirennet. Skiene gav han fri skyss og saman med to andre morgedølar la han ut på den lange vegen. Rannei hadde sendt med Sondre ei skreppe full av niste. 3 dagar brukte dei på skituren, som gjekk via Seljord, opp Grunningsdalen og ned til Sauland. Frå Heddal gjekk vegen over Meheia til Sandsvær, og vidare om Drammen til Christiania.

Skirennet bestod av kombinasjonen hopp, langrenn og det som dei i Morgedal kalla ei "slalåm". Dei tevla på tid, haldning, tryggleik og bruk av stav. Dette med tidtaking var ukjend for morgedølane. Dei var van med at lengdemåling og stil var det sentrale - og ikkje stil etter ein bestemt skala. Sondre kjende at det blei for mykje reglar og begrensingar i skiløypinga. Han såg ikkje på kunststykke på ski som farlege og dumdristige - det var jo karstykke det var snakk om !

Over femti deltok i rennet og særleg var det morgedølane og trysilingane som stakk seg ut. Dagen etter rennet stod det referat i Aftenbladet.

"Af samtlige udmærkede Vinderen af 1. Præmien sig og stod langt over enhver anden. Det er noget så mærkelig ved hans Rænd og Gang på Skierne at man måtte tro, at det for ham var den medfødte og naturlige Måde at bevæge sig på. Med staven som en Spadserstok i den ene Hånd gjorde han et Hop, så skierne i 2 a 3 Skilængder ikke berørte Marken, og når han kom ned efter et sådant Sprang var det ike Spor af Ustøhed eller Balanceren. Når man har seet Sondre Ouversen Norheim og man erindrer at Manden nu er 43 år gammel, kan man først gjøre sig en riktig Forestilling om, hvad en Skiløber af første Rang i sin sprækeste Ungdom vilde kunde præstere." Bedømmelseskomiteen gav karakteren "Udmærket" med tillegg "Virtuositet i Hop uden Stav."

Resultatet frå Husebyrennet 1868:

1.pr. verdi 10 Spd: Sondre Ouversen Norheim, Kviteseid 2.pr. verdi 8 Spd: Elling Bækken, Soknedalen 3.pr. verdi 6 1/2 Spd: Halvor Halvorsen Skjærberget, Trysil 4.pr. verdi 5 Spd: Kadet Jakobsen, Kristiania 5.pr. verdi 4 Spd: Hans Andreassen, Nordre Land 6.pr. verdi 3 1/3 Spd: Ole Torjussen Bygland, Kviteseid 7.pr. verdi 3 Spd: Kadet Kolderup, Kristiania 8.pr. verdi 2 1/2 Spd: Olav Ånonsen Drangstveit, Kviteseid

Dette skirennet vart eit stort gjennombrot for Sondre. Det var her han synte telemarksvingen og parallellsvingen for første gong utanfor bygda. Skifolk og konkurrentar fekk for første gong sjå dei nye korte skiene med innsving og hælbinding. Dei første moderne ski og bindingar var eit faktum! Det gjekk ikkje lang tid før alle hadde dette utstyret. Nytt var også den korte staven i stadenfor dei lange tjukke stavane som berre var i vegen.

Skiene som Sondre brukte var breie med god bæreflate i laussnøen og hadde innsvinga sider. Denne skitypen med innsvingte sider, den såkalla telemarkskien, er prototypen for alle seinare ski. Overalt i verda der det vert laga ski, anten det er ski til langrenn, hopp eller slalåm, blir dei konstruera etter den modellen som den fattige husmannen Sondre Norheim hadde funne fram til som den mest eigna skitype. Det som Sondre Norheim utretta har noko av eventyrets glans over seg. Han laga ski med innsvinga sider og han er slalåmsportens far. Og med stive solide vidjebindingar kunne ein stå dei såkalla slalåmer nedover bratte og ujevne skråningar og dalsider.

I 1870 fekk Sondre med seg ein kar frå Seljord til Christiania for å bli med på skirenn. No var Sondre den store skikongen. I hovudstaden fekk dei fritt opphald. Der lærde dei og bort sine kunster til skiglade byfolk og fekk dei til å arrangere skirenn.

I eit referat stod det: "...begge Teledøler vandt på Landingen i Hurtighed væsentlig formedelst sine korte Ski som tillod den at gaa imod bakken omtrent som når man går på Skøyter." Dette er nok ei tidleg framstilling av skøyteteknikk eller "fiskebein" i motbakke.

Sondre var 50 år då han for siste gong deltok i skirenn i hovudstaden. I referatet frå rennet stod det: "...må være blevet noget stivere i Benene, end han før havde vist sig at være thi uagtet meget pent klarede Hoppet anvendte han så lang Tid på Rendet, at han ikke stod til Præmie. Imidlertid blev for ham oppstilled som 16, Præmie en liden Gjænstand af Sølv med tillæg af et 10- Kronestykke i Guld."

Heime heldt Sondre fram med moroskiløypinga i lag med ungdommen. I eit skirenn kun for vaksne fekk Sondre sjå nokre gutungar som stod og kribla etter å få vere med, Han fann fram ein 2-kronar som han gav dei til bruk som premie.

Loupedalen skriv:

 "2-kroningen kosta Sondre mykje, han laut nekta seg den kjæraste drikken sin, kaffe i fjorten dagar minst."

Til USA

I 1884 braut Norheimfamilien opp frå Morgedal og reiste til Amerika. Sondre og Rannei var då 59 år gamle og som så mange andre nordmenn satsa dei alt på "Det Nye Landet". Dei tok med seg barna Auver, Åmund, Tallev og Anne. Eldste sonen Olav hadde reist nokre år tidlegare, medan dottera Ingrid ville vere att i Noreg. Fleire av Sondre og Rannei sine slektningar og vener hadde allereie gjort amerikanarar av seg, men Sondre var skeptisk og nølte lenge med å legge eigne Amerikaplanar, sjølv om Rannei og ungane pressa på. Rett nok hadde dei hatt mykje sorg og slit i Morgedal, men det var også her han hadde hatt sine største gleder. I tillegg var han og Rannei blitt vel gamle til å starte heilt frå grunnen av.

Familien slo seg først ned i Minnesota, men drog så vestover til Nord Dakota der dei tok seg land og "homestead-" ved Villard i McHenry County. Endeleg skulle dei få kjenne kva det vil seie å vere frie bønder og ikkje vere underlagt andre herrar. Det var vanskeleg for nybyggjarane dei første åra - til dei hadde fått dyrka jorda og fått seg opp hus. Dei dyktige farmarane klarte seg likevel bra, men lystløyparen og draumaren Sondre var ingen god farmar eller flatlandsbonde. Han gjekk mest og tenkte på bakkane heime i Morgedal. Sondre hadde teke med seg nok verktøy til å lage ski med, og han håpa på skiføre den første vinteren. Litt snø var det, men den fauk som ein sandstorm og graset stakk opp overalt. Dei siste åra av livet, på den flate, vindblåste prærien, var vonde for Sondre Norheim. Han døydde som ein ulukkeleg mann i desember 1897. Vel eit år etter Sondre døydde, selte Rannei farmen og flytta til ei av døtrane.  Rannei vart 89 år gammal, ho døydde i Oregon i 1913.

Map & Directions

I nærleiken

I nærleiken

  1. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    0 m unna
  2. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    2.39 km unna
  3. Type

    Type:

    Utstillinger

    Kviteseid Bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan?

    14.80 km unna
  4. Type

    Type:

    Kirke

    Kviteseid Gamle Kyrkje

    Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a....

    14.89 km unna
  1. Type

    Type:

    Museum

    Øyfjell bygdemuseum

    Øyfjell Bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse...

    16.55 km unna
  2. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    21.93 km unna
  3. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.

    22.47 km unna
  4. Type

    Type:

    Utstillinger

    Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    22.59 km unna
  5. Type

    Type:

    Utstillinger

    Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,...

    22.59 km unna
  6. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    22.60 km unna
  7. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og mange utstillingar....

    22.67 km unna
  8. Type

    Type:

    Museum

    Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    22.72 km unna
  9. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk Gruver

    Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

    24.78 km unna
  10. Type

    Type:

    Utstillinger

    Draumkvedet - utstilling med Karl Erik Harr

    Karl Erik Harr si Draumkvedutstilling på Grimdalstunet i Skafså.
    For opningstider sjå...

    27.47 km unna
  11. Type

    Type:

    Museum

    Grimdalstunet

    Her kan du få eit innblikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå...

    27.61 km unna
  12. Type

    Type:

    Skulpturer

    Dyre Vaa-samlingane

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av...

    31.83 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg