Utforsk Telemark

English

Norsk

Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

TypeHistorie

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni til i reiseruten din.

Prosesjonsvandring med Nikuls, Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Prosesjonsvandring med Nikuls, Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Prosesjonsvandring med Nikuls, Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Prosesjonsvandring med Nikuls, Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Prosesjonsvandring med Nikuls, Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Prosesjonsvandring med Nikuls, Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Product Image
  • Product Image

Om

«Nikuls» blir han kalla lokalt - statuen av den katolske helgenen St. Nikolaus som står i Eidsborg stavkyrkje. Statuen kom til stavkyrkja i samband med vigslinga ein gong mellom år 1270 og 1300. Statuen som står i kyrkja i dag er ein kopi - originalen er utstilt i Kulturhistorisk museum (Oldsakssamlinga) i Oslo, i den permanente kyrkjeutstillinga der.

«Nikuls» er kledd som ein biskop og med skjegg laga i imitert gull. I den venstre handa hadde han ein bispestav. Den høgra handa, som i dag er borte, var truleg løfta til velsigning. Statuen blir tidfest til å vere frå mellom 1270 og 1300, altså frå perioden då kyrkja blei gjort ferdig.

Sankt Nikolaus skal ha vore biskop i Myra i dagens Tyrkia på 300-talet. Det vi veit om han er fortald i mange legender nedskrivne på 800-talet, bl.a. om ei rekkje mirakel. Mellom anna blei det sagt at han som spedbarn vegra seg mot å suge bryst frå mora si om fredagane i otte for å bryte fasta.

Elles blir Nikolaus ofte framstilt som ein gåvmild mann som vernar om born, hjelper uskuldig dømde og reddar folk frå skipsforlis. Han er skytshelgen for Russland og Hellas, for sjøfolk, fiskarar, born og fattige, og fleire stader òg for bønder. For Eidsborg med sin brynesteinsproduksjon er det kanskje også relevant at han var steinhoggaranes vernehelgen. I sin amerikanske utgåve er «Santa Claus» kjend som opphavet til den kommersielle jolenissen, som blei skapt gjennom ein reklamekampanje for Coca-Cola i USA på 1930-talet.

Helgendyrkinga av biskop Nikolaus er omfattande og skal ha starta alt på 500-talet. Etter at kista med skjelettet hans blei røva frå Tyrkia til Bari i Italia i år 1087, blei Nikolaus ein av dei mest populære kristne helgenane. Folk valfarta til grava hans, ikkje minst for å bli lækt av ei mirakuløs væske som siva ut frå knoklane i kista. Ampullar med lækjande «Nikolausvatn» frå Bari blei populære i heile Europa. Også i Noreg blei kyrkjer vigsla til Nikolaus alt tidleg på 1100-talet.

I tillegg til ein helgenstatue av St. Nikolaus fekk Eidsborg stavkyrkje ein relikvie. Dette var vanlegvis ein del av kroppen til den heilage eller noko som han hadde vore i kontakt med. Relikvien blei plassert i eit lite rom i altarbordet inne i koret. Relikvien i Eidsborg var mest sannsynleg ei ampulle med «Nikolausvatn» frå Bari i Italia.

Bakgrunnen for dette vatnet fortalde nok presten om både ved sjølve festdagen til helgenen 6. desember (kjend som Nilsmesse) og ved dagen for vigslinga av kyrkja (kyrmesse). Tradisjonen at det draup lækjande vatn frå lekamen til Nikolaus, kjende dei difor godt til i Eidsborg. Forteljinga blei nemleg raskt innlemma i ein annan, lokal tradisjon: feiringa av sommarsolsnu 24. juni.

Truleg har det vore religiøse festar knytt til kjelder og vatn ved midtsommar i Noreg lenge før kristendomen. Folk trudde at alt vatn og til og med dogg i graset fekk ein ekstra styrke midtsommarnatta. Denne trua, og midtsommarfestane med bading og vasking, levde vidare etter kristninga.

I byrjinga var kyrkja si haldning å forby slik vasskultus; til dømes var det eit lovforbod mot dette i Danmark på 1000-talet. Men så byrja prestane i staden å kristne dei heilage vasskjeldene. Slik fekk óg dyrkinga av vatnet ved jonsok ei kristen meining.

At vatn og kjelder kunne få kraft frå helgenar, var ei svært populær religiøs forteljing. Ofte var det snakk om Olav den Heilage: om korleis helgenkongen hadde vaska seg i ei kjelde og overført kraft til ho. I Eidsborg fekk vatnet kraft frå Sankt Nikolaus. Relikvien i altaret og trua på krafta frå helgenen heilaga ikkje berre kyrkjebygget, men òg det vesle tjernet Eidsborgtjønni som ligg rett nedanfor.

Slik blei tilbedinga av det magiske vatnet i Eidsborgtjønni jonsoknatta, og det lækjande «Nikolausvatnet» i stavkyrkja alt på 1300-talet kopla saman til eit særskilt ritual, som heldt seg i nesten 500 år!

Jonsoknatta leste presten først latinske tidebøn om Johannes Døyparen (jonsok tyder Johannesvake). Etter vaka i kyrkja gjekk presten føre i ein prosesjon der bøndene bar statuen av Nikuls ned til vatnet.

Når vi les i kjeldene at Nikuls blei «høitidelig toet» eller at dei «bar ’an midjom seg kringum Eidsborgtjønni, tvaadde aa louga honom der so han te Gjengjeld sill avtvaa deires Syndir», må det tolkast slik at dei helte vatn over Nikuls, før dei høgtideleg tok heilag væske frå helgenen, akkurat som dei gjorde i Bari. Dei som fekk vatnet på seg, blei frie for synder og sjukdom.

Først på slutten av 1700-talet, 250 år etter reformasjonen, klarte den lutherske kyrkja å stoppe ritualet som var dobbelt uhøveleg: det var både heidensk og katolsk. Enda nokre tiår seinare, i 1826, blei statuen av Nikuls teke ut av kyrkja. Lenge stod han ute i svalgangen, utsett for vêr og vind og løftekonkurransar blant den lokale ungdomen.

I 1836 blei statuen omsider sendt til den nystarta Oldsakssamlinga i Christiania (Oslo) der han i dag står i den faste kyrkjeutstillinga ved Kulturhistorisk Museum. Sentralt i dette var lensmannen i Lårdal, Peter Mandt, som var stortingsrepresentant på denne tida. Han var ein viktig forkjempar for stavkyrkja og fekk redda ho frå både riving og massiv ombygging.

I 1964 fekk kyrkja ein kopi av Nikuls, som ein i dag kan sjå bak i skipet.

I 2018 tok museet opp att formidlinga av Nikuls-prosesjonen som eit historisk spel til St. Hans. Sjekk museets arrangementskalender!

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    18 m Unna
  2. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    97 m Unna
  3. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    222 m Unna
  1. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    253 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    254 m Unna
  3. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    950 m Unna
  4. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.50 km Unna
  5. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.40 km Unna
  6. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.65 km Unna
  7. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.83 km Unna
  8. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.47 km Unna
  9. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    22.47 km Unna
  10. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.88 km Unna
  11. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.64 km Unna
  12. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.70 km Unna
  13. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.77 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av