For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Pilegrimsvegen til Røldal

Legg Pilegrimsvegen til Røldal til i reiseruten din.

Address

Email

Telephone

Tlf: 53647116

Pilegrimsvegen til Røldal

Om

Frå mellomalderen og fram til 1850-talet gjekk det føre seg ein årleg valfart gjennom Telemark til Røldal. Målet var krusifikset i Røldal stavkyrkje. Legenda fortel at kvar jonsok sveitta krusifikset i kyrkja, og sveitten var undergjerande. Folk strøymde til fra inn- og utland for å bli lækte. Røldal vart på den tid eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i landet. Berre Nidaros var større, men dit stoppa vandringane med reformasjonen. Medan dei til Røldal heldt fram i endå 300 år.

Vår tids pilegrimsvandring går i pilegrimane sine fotspor langs dei gamle vegane mellom Vest-Telemark og Røldal. Vandringa går i variert natur, gjennom bygder og over høgfjell. Dei lokale sogelaga sine representantar er kjentmenn og førarar på turen. Dei vil ikkje bare leie deltakarane gjennom det fysiske landskapet, men og gjennom kulturen og historia langs vegen. Det vil bli spesielle markeringar ved dei kyrkjene pilegrimane passerer på vegen vestover. 

Pilegrimen er ein tur for både kropp og sinn, eit kvilerom med plass til ro og ettertanke. Det er ei vandring og eit møte, ikkje berre med vakker natur og interessante soger, men og med menneske ein kanskje elles ikkje ville ha møtt. 

Natur og kultur vil gå hand i hand, og vandringa passar for alle, anten målet er den indre reisa eller den kulturhistoriske. 

DAGSETAPPANE:

Terrenget er forskjellig frå dag til dag. Vi byrjar i låglandet, går over heiar og høgfjell til vi til sist går ned dalane til Røldal.

Dei tyngste dagsetappane er nok dei frå Morgedal til Øyfjell (kupert terreng), frå Edland til Vågsli d.v.s. over Haukeliheii (bratt stigning opp frå dalen) og frå Vågsli til Ulevå, d.v.s. over Haukelifjell (fint høgfjellsterreng, men lang dag). På denne etappa kjem pilegrimsvegen opp i 1190 m.o.h. 

Det blir ordna med transport opp den bratte lia i Morgedal. Dei som ynskjer å gå opp lia kan sjølvsagt gjere det. Vi snakkar meir om dette når vi møtest.

I Vågsli/Haukelifjellområdet må vi transporterast med buss fram og tilbake til overnattingsstaden Haukelifjell Skisenter kvar dag. Dette fordi det ikkje er andre passande overnattingsstader i dei områda vi går gjennom.

Vandringa frå Seljord til Røldal går over ni dagar. Alle treng eit fysisk fundament for å gjennomføra turen.

Slik var pilegrimsvandringa i 2016:

Etappane er slik:

23/6: Seljord – Morgedal 22 km.

24/6:  Morgedal – Øyfjell 21 km.

25/6:  Øyfjell – Åmot 18 km.

25/6:  Eidsborg-Åmot 22 km.

26/6:  Åmot – Mjonøy 15 km.

27/6:  Mjonøy – Haukeligrend 23 km.

28/6:  Haukeligrend – Vågslid 19 km.

29/6:    Vågslid – Ulevå 17 km.

30/6:    Ulevå – Svandalsflona 15 km.

1/7:    Svandalsflona – Røldal 12 km.

2/7:    Pilegrimsseminar i Røldal

3/7:    Pilegrimsseminar- Heimreise

 

Map & Directions

I nærleiken

I nærleiken

  1. Type

    Type:

    Kulturminne

    Myllarheimen

    Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best...

    50.71 km unna
  2. Type

    Type:

    Museum

    Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske "målarlandskapet" finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei...

    57.89 km unna
  3. Type

    Type:

    Kulturminne

    Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende...

    60.84 km unna
  4. Type

    Type:

    Skulpturer

    Skinnarlandsamlinga

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland og ein kopi av atelieret...

    70.08 km unna
  1. Type

    Type:

    Skulpturer

    Dyre Vaa-samlingane

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av...

    70.18 km unna
  2. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar....

    78.06 km unna
  3. Type

    Type:

    Utstillinger

    Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,...

    78.16 km unna
  4. Type

    Type:

    Museum

    Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    78.17 km unna
  5. Type

    Type:

    Utstillinger

    Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    78.18 km unna
  6. Type

    Type:

    Historie

    Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom...

    78.35 km unna
  7. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum...

    78.36 km unna
  8. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein...

    78.36 km unna
  9. Type

    Type:

    Museum

    Grimdalstunet

    Her kan du få eit innblikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå...

    78.53 km unna
  10. Type

    Type:

    Utstillinger

    Draumkvedet - utstilling med Karl Erik Harr

    Karl Erik Harr si Draumkvedutstilling på Grimdalstunet i Skafså.
    For opningstider sjå...

    78.58 km unna
  11. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    79.62 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg