For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Myllarheimen

Legg Myllarheimen til i reiseruten din.

Address

Arabygdi
3864 Rauland

Email

Telephone

Tlf: +47 35 06 90 90

Myllarheimen frå vegen

Om

Myllarheimen er husmannsplassen Kosi der den kjende felespelaren Myllarguten levde dei siste åra av livet sitt.

Myllarheimen kan i dag berre sjåast utanfrå, og er gratis.

Ein kan tinge omvising for grupper (frå 10 personer) heile året ved å ta kontakt med Vest-Telemark Museum. Gruppebillett kr. 40,- p/pers + eingongs omvisingsgebyr kr. 500,-


Myllarguten heit eigentleg Torgeir Augundson (1801-1872) og vart fødd i Sauherad. Tilnamnet sitt fekk han fordi han var son av ein myllar.

Familien var fattig og levde eit hardt og omflakkande liv i fattigdom. Allereie då han var fem år gamal byrja Myllarguten å spele, og han vart etterkvart ein svært ettertrakta gjestebodsspelemann.

Han spela rundt i distrikta, og møtte mange store spelemenn som han let seg inspirere av. I 1831 trefte han Ole Bull i Bergen, og Bull vart svært imponert over spelet til Myllarguten. I 1849 arrangerte Bull ein konsert i Logen i Kristiania der Myllarguten var hovudattraksjon. Konserten vart ein suksess, og Myllarguten opparbeidde seg eit stort publikum.

Men på slutten av 1850-åra snudde lykka seg. Den nasjonalromantiske perioden var på hell, og med dette også interessa for «bondespelet».

Myllarguten busette seg etterkvart i Vest-Telemark, og då han var rundt 30 år gifta han seg med Ingebjørg Eddanshaugen frå Edland. Dei fekk i alt 10 barn, men 3 av desse døydde tidleg.

Kosi er husmannsplassen der Myllarguten levde dei siste åra av livet sitt, og her døydde han som ein einsam og fattig mann.

Meir om Kosi
Etter å ha tent godt på konsertar i Christiania i 1849 og i Bergen i 1850, kjøpte Myllarguten, Torgeir Augundson, Sudistog Øygarden i 1852. Nokon dugande gardbrukar og økonom var han ikkje, såleis laut han gå frå garden vel ti år seinare.

Han fekk halde att ein liten teig han kalla Kòsi, sette opp fire hus der, og budde der frå våren 1866. Stoga kom frå Bronelid, ein plass vestom Totak. Løa og eit lite bur flutte han med seg frå Øygarden. Fjos fekk han til av ei gamal badstoge einkvar stad frå.

-reis’ i frå Øygarden, reise mot sud
lengst inn i armodi dreg eg vel no-

Seks år seinare, den 21. november 1872, gjekk Myllarguten bort. Ein pråm var heile likferda.

Plassen blei standande ubruka, og kom etter kvart til nedfalls. Litt etter år 1900 blei stoga rivi. Det som var nyttande – some seier ein einaste stokk, andre seier meir – kom til Nordjordet lengre ut i Arabygdi og blei bygt inn i ei ny stoge der.
Denne stoga blei bruka til bustad fram til 1958. Ho blei rivi att i 1989 og stend no som anneks til ein hytteeigedom på Haddland.

I 1938 kom kunstmålaren Harald Kihle til Arabygdi. I tidsskrift for Norsk Bygdekunstlag 1949 skreiv han og kollegaen Kristian Kildal ei sterk oppmoding om å taka vare på det som var att av minne etter Myllaren.

Rauland Bygdekunstlag (seinare Rauland Bygdelag) med Øystein Kostveit som leiar, tok opp hansken frå desse to. Ein fekk Rauland kommune til å kjøpe grunnen og det som var att av husa, buret og løa, av eigaren, Steffa Øygarden.
Ein fann det lite tenleg å bruke stoga i Nordjordet. I staden fekk ein hand om ei tilsvarande stoge, frå Glosimot i Bjålidmarki. Opphaveleg stod ho som eldhus i Nord-Svalastog på Haddland.

Det praktiske arbeidet blei utført på dugnad. Olav Midgarden, soneson av Myllaren, såg til at alt blei som det hadde vore, så langt råd var. Bror hans, Targjei Skinand, mura skorsteinen i lag med Aslak Øygarden.

Ymse eignelutar etter Myllaren blei samla inn.

Den offisielle opninga av Myllarheimen var 8. juli 1951, med 2000 menneske til stades i den veglause bygda.

Minnesmerket, som er utført av Dyre Vaa, blei avduka 24. august 1969.

Rettleiande prisar

BillettypeBillettavgift
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 500,-NOK 60,- pr. person

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Map & Directions

I nærleiken

Opening Times

Open for gruppebestilling heile året (1 jan 2017 - 31 des 2017)

I nærleiken

  1. Type

    Type:

    Museum

    Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske "målarlandskapet" finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei...

    14.85 km unna
  2. Type

    Type:

    Kulturminne

    Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende...

    18.07 km unna
  3. Type

    Type:

    Skulpturer

    Skinnarlandsamlinga

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland og ein kopi av atelieret...

    20.17 km unna
  4. Type

    Type:

    Skulpturer

    Dyre Vaa-samlingane

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av...

    20.25 km unna
  1. Type

    Type:

    Museum

    Øyfjell bygdemuseum

    Øyfjell Bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse...

    34.56 km unna
  2. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    37.80 km unna
  3. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og mange utstillingar....

    38.02 km unna
  4. Type

    Type:

    Utstillinger

    Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,...

    38.11 km unna
  5. Type

    Type:

    Utstillinger

    Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    38.11 km unna
  6. Type

    Type:

    Museum

    Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    38.25 km unna
  7. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.

    38.31 km unna
  8. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    40.34 km unna
  9. Type

    Type:

    Utstillinger

    Draumkvedet - utstilling med Karl Erik Harr

    Karl Erik Harr si Draumkvedutstilling på Grimdalstunet i Skafså.
    For opningstider sjå...

    42.66 km unna
  10. Type

    Type:

    Museum

    Grimdalstunet

    Her kan du få eit innblikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå...

    42.71 km unna
  11. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk Gruver

    Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

    48.11 km unna
  12. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    48.68 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg