For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Kviteseid Bygdetun

Legg Kviteseid Bygdetun til i reiseruten din.

Address

3850 Kviteseid

Email

Telephone

Tlf: 35069090

Konsert på Kviteseid bygdetun

Om

Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? På Kviteseid Bygdetun som er eit av landets eldste bygdetun, finn du svaret på dette.

Museet formidlar og Kviteseid gamle kyrkje samt eit utstillingsbygg med skulpturane etter Gunnar Utsond.

På bygdetunet finn du 12 bygningar som er flytta til tunet frå ulike gardar gjennom 1900-talet. Plasseringa langs riksveg 41 er ikkje tilfeldig, dette området nær Kviteseidvatnet viser fleire teikn på tidleg busetting og handelsplass langs vassvegen.

Kviteseid Bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovudhuset er Flekstveitstoga, fyrste høgda er frå 1600-talet, medan andre høgda vart bygd på i 1738.

Stoga nede er rosemåla av 'den fyrste rosemålaren i Telemark' Talleiv Halvorson Espetveit (ofte berre kalla 'Talleiv Målar').

Av andre hus kan ein nemne Tveitloftet frå 1300-talet, Flekstveitloftet frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet.


Utsondhalli

Bilethoggaren Gunnar Karelius Utsond vart født i Kviteseid i 1864 og vaks opp på plassen Utsond. Han vart elev på Teikneskulen i Oslo under Julius Middelthun allereie som 17-åring. Gunnar Utsond utdanna seg til tannlege, men det var arbeidet kunsten og skulpturane som tok mesteparten av tida hans.

Gunnar Utsond debuterte på haustutstillinga med skulpturen "Gut som spikkar".

Utsond er best kjend for skulpturen "Helferd" som vann gullmedalje ved verdsutstillinga i Paris i år 1900. Anna arbeid er bl.a. «Havet gav sine døde tilbake» og monumentet over Johan Sebastian Welhaven. Kunstakademiet vart stifta i 1909, og fram til 1921 hadde Gunnar Utsond ei professorstilling på akademiet.

Det blir sagt at i sine fyrste arbeid var Utsond nyromantikar med sterk sans for naturalismen. Seinare vart det ein friare haldning til motiv og komposisjon. I hans siste år blir uttrykket meir omtalt som grotesk symbolisme.

Gunnar Utsond gav skulpturane sine til Kviteseid Kommune før han døydde og desse er i dag samla i "Utsondhalli" på Kviteseid Bygdetun.

Museet har ope kvar dag i sommarsesongen, og elles heile året på bestilling. Det er enkel servering, våre vaflar er kjend for sin gode smak. Ein fredfull plass og eit stoppestad for mange langs si reise på riksveg 41.


Utstillingar

I 2016 finn du ei utstilling om storbonden, stortingsmannen og fyrste ordføraren i Kviteseid, Ole Blom. Vest-Telemark Museum har gjeve ut Ole Blom sine dagbøker og brev 1809-1846 i 2016, og boka (i to band) får du kjøpt på bygdetunet. Les elles mer her: Ole Blom og dagbøkene.

Kvar onsdag frå kl. 12 i heile juli demonstrerer Kviteseid Husflidslag ulike teknikkar i ull i Flekstveitstoga. I Eldhuset er det då baking av braud. Velkomen!


Kviteseid gamle
kyrkje
Kviteseid gamle kyrkje er ei steinkyrkje bygd i romantisk stil – frå 1100-talet og er vigd til St. Olav. I mellomalderen vart det bygd flest trekyrkjer (stavkyrkjer). Steinkyrkjer vart berre reist i maktsentra og i folketette område.
Kviteseid gamle kyrkje var hovudkyrkje i soknet og låg ved vassdraget med mykje trafikk. Ting kan tyde på at det her også var ein handelsplass.

Les kva Kviteseid historielag skriv om den gamle kyrkja.

Museet er ope i sommarsesongen, sjå datoar til høgre og prisar nedanfor.

Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

Rettleiande prisar

BillettypeBillettavgift
Barn 6-15 år 6-15 årNOK 40,- pr. person
Familiebillett (2+2)NOK 200,- per dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 500,-NOK 60,- pr. person
Honnør/studentNOK 60,- pr. person
Voksne (fra 16 år)NOK 80,- pr. person

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • servering

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • bygdegård
  • kulturhistorie
  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden
  • skulpturer

Kirketyper

  • steinkirke

Map & Directions

I nærleiken

Opening Times

Open for grupper på bestilling heile året (1 jan 2017 - 31 des 2017)
DagTider
Sesong (25 jun 2017 - 15 aug 2017)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

I nærleiken

  1. Type

    Type:

    Utstillinger

    Bruene i Kviteseid 175 år

    Ei unik historisk fotoutstilling som viser historia til bruene over Spjotsoddsundet og...

    32 m unna
  2. Type

    Type:

    Kirke

    Kviteseid Gamle Kyrkje

    Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a....

    195 m unna
  3. Type

    Type:

    Utstillinger

    Snowshoe Thompson, Jon frå Tinn

    Utstilling og ny bok om Snowshoe Thompson: Jon frå Tinn, som vart kjend som postberar på...

    14.80 km unna
  4. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    14.80 km unna
  1. Type

    Type:

    Kjente personer

    Sondre Norheim

    Husmannen frå Morgedal som blir kalla "far til den moderne skisport". Født i dei bratta...

    14.80 km unna
  2. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    16.97 km unna
  3. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk Gruver

    Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

    27.67 km unna
  4. Type

    Type:

    Museum

    Øyfjell bygdemuseum

    Øyfjell Bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse...

    30.30 km unna
  5. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    30.63 km unna
  6. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.

    30.76 km unna
  7. Type

    Type:

    Museum

    Fyresdal Bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun.

    30.82 km unna
  8. Type

    Type:

    Utstillinger

    Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    30.95 km unna
  9. Type

    Type:

    Utstillinger

    Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,...

    30.95 km unna
  10. Type

    Type:

    Utstillinger

    Puter i nordisk tradisjon

    Ei sommarutstilling som du kan bidra til. Har du ei pute som passar til utstillinga? Ta...

    30.97 km unna
  11. Type

    Type:

    Utstillinger

    Livet i Folkestadbyen 1875-1950

    Ein historisk fotoutstilling om ein unik tettstad i Vest-Telemark: Folkestadbyen i...

    31.02 km unna
  12. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og mange utstillingar....

    31.04 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg