Utforsk Telemark

English

Norsk

Forteljing og song om Aasmund Olavsson Vinje

TypeAndre aktiviteter

Vinjestoga, 3893, Vinjesvingen

Legg Forteljing og song om Aasmund Olavsson Vinje til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Vinjastoga
  • Peisen inne i Vinjestoga
  • Product Image

Om

Skular frå heile landet kan bestille ein historisk time med forteljing og song i Vinjestoga når det passar i barsesongen. Kan gjerne kombinerast med eit besøk på eit av våre to heilårsopne museum i Morgedal eller Eidsborg.

Omvisar, forteljar og songar i Vinjestoga er folkemusikar Aasmund Nordstoga som bur rett ved (atterhald om at det passar med timeplanen hans). Det vil koste eit lite honorar, ta kontakt med museet om dette.

Slik skildrar Aasmund Nordstoga kva elevane kan oppleve i Vinjestoga:

Me ynskjer velkomen ute på hedda, med ein kort presentasjon av husa som faren til Aasmund, Olav, sette opp i 1824. Dermed får me vite at Aasmund Olavsson Vinje var 6-7 år då dei flutte inn på Plassen. Det seier og litt om korleis dei flutte hus og gjerne heile gardar i gamle dagar.

Inne i Vinjestoga fortel me soga om Aasmund Olavsson Vinje, og presenterer noko av litteraturen hans med utgangspunkt i biografi, og ved bruk av inventaret i Vinjestoga. Til dømes er skuleskrinet utgangspunkt for forteljinga om omganskulelæraren som ville bli skikkeleg lærar - og som måtte gå til Asker for å ta utdanning.

Utsikten frå stoga kan for dei yngste vera utgangspunkt for å syngje "Blåmann Blåmann bukken min", medan det for dei eldre kan bli "Ved Rondane".

Mellomtrinnet kan få ein full (men forenkla) biografi inkludert mange tonesette dikt, medan barnetrinnet får meir fokus på korleis familien levde på 1800-talet. Kvar er kjøkenet, eller soveromet?

Og så flettar me inn songar som "Du gamle mor" og "Blåmann", og fortel om guten som heller ville lese enn å vere ute i gardsarbeid. Og sjølvsagt om gjetinga der Blåmann blir sentral. Bileta på veggen er utgangspunkt for songar som "Faderen til den heimanfarande sonen" (=far Olav), og kjærleikssoga om Rosa (kona til Aasmund).

Opplegget varer om lag ein time. Lenger er det nok ikkje så godt å sitje på harde, kalde benkar.

Målet er at alle skal vita litt meir om Aasmund Olavsson Vinje enn før dei kom, og at dei skal vita litt meir om korleis ein fatig familie levde på 1820-30-talet.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

0047 35 06 90 90

Også i nærheten

  1. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    3.44 km Unna
  2. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    14.70 km Unna
  3. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    14.82 km Unna
  1. Myllarheimen

    Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best…

    18.07 km Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    20.05 km Unna
  3. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    20.21 km Unna
  4. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    20.24 km Unna
  5. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    20.39 km Unna
  6. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    20.38 km Unna
  7. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    20.46 km Unna
  8. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    20.47 km Unna
  9. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    20.74 km Unna
  10. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    24.66 km Unna
  11. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    30.06 km Unna
  12. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    34.43 km Unna
  13. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    36.73 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av