For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Dyre Vaa-samlingane

Legg Dyre Vaa-samlingane til i reiseruten din.

Address

Dyre Vaa-samlingane
3864 Rauland

Email

Telephone

Tlf: +47 35 06 90 90

Diverse skulpturar i utstillingsrommet

Om

Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.
Også Tor Vaa, son av Dyre, er representert med ei eiga avdeling i tillegg til biletkunstnaren Svallaug Svalastoga.


Dyre Vaa (1903-1980)
Ved sida av Gustav Vigeland er Dyre Vaa den bilethoggaren som i sterkast grad har prega norsk skulpturmiljø. Ingen annan bilethoggar har vunne så mange tevlingar som han.

Dyre Vaa vaks opp i Kviteseid, men flytte til Rauland tidleg i 1930 åra.
Det var mange kunstnarar i Vaa slekta, lyrikaren Aslaug Vaa var den eldste systera, og forfattaren Tarjei Vesaas og komponisten Eivind Groven var tremenningar.

Dyre Vaa gifte seg med Thora Bojer, dotter av forfattaren Johan Boler. Thora hadde bl.a. bakgrunn som kunsthistorikar, og ho vart nytta som kritikar, rådgjevar og modell. Familien budde og i periodar i Asker.

Dyre Vaa debuterte på Haustutstillinga allereie som 20-åring, og vart då kjøpt inn til Nasjonalgalleriet.

"Mennesket møter naturen" er tittelen på fire store figurar på Ankerbrua i Oslo. Det var medan han arbeidde med desse på 1930-talet at han flytte til Rauland, og der vart han buande resten av livet.

Andre kjende arbeid er "Ulvane" på Alexander Kiellands plass i Oslo, "Sjømannsmonumentet" i Bergen, "Holberg-monumentet" ved Nasjonalteatret og "Svanene" ved Oslo Rådhus.

Det er usikkert kor mange kunstverk Dyre Vaa har produsera. Noko er øydelagt og noko forkasta han sjølv. Truleg er det 250 skupturar og byster, kanskje 1000 maleri og 31 litografiar.

Vinje kommune fekk dei fleste gipsfigurane av Dyre Vaa i 1970-åra. I museet kan du sjå mykje av hans arbeid, både skulpturar, maleri og teikningar.

Tor Vaa (1928-2008)
Tor Vaa vart fødd i Oslo i 1928 og vaks opp på Rauland i Vinje saman med foreldra Thora og Dyre Vaa og fem sysken.

Då Tor var 18 år gammal starta han som elev hjå far sin. Seinare studerte han ved Akademiet i Oslo og Akademiet i København. I tillegg hadde han mange studiereiser i Europa, også saman med faren Dyre Vaa.

Tor Vaa arbeidde mykje med tolking av naturen, gjennom skulptur, relieff, teikningar og maleri. I 1949 og 1961 fekk han Statens Kunstnarstipend og i 1951 stipend frå Fondet for dansk-norsk samarbeid. Frå 1979 hadde han Statens garantiinntekt og frå 1990 Vinje kommunes kunstnarløn.

Tor Vaa var berre 19 år gamal då han debuterte på Haustutstillinga, med eit portrett i kleberstein av systra Anne Joronn, kalla "Gunga". Han nytta gjerne syskena sine som modellar.

Andre høgt akta verk av Tor Vaa er mellom anna skulpturen ”7 år”, omtalt som ein av dei finaste barneskulpturane i landet, og ein skulptur av Henrik Wergeland laga for Katedralskulen i Oslo i samband med skulen sitt 800-årsjubileum.

Svallaug Svalastoga  (1920- 1978)

Svallaug Svalastoga er best kjend som grafiker, og fann tidleg fram til tresnittet. Bileta hennar tek utgangspunkt i naturen og motiva er ofter blomar og dyr som er basert på grundige studiar i naturen og i dyrehagane i København, Roma og Paris.

I seinare år budde ho i Lofoten og motiva her skildrar fjellformasjonar, holmelandskap med fuglar og steinar. 

Utdanna ved Statens Håndverks og Kunstindustriskole, Oslo 1945–48, 1956–57; Statens Kunstakademi, Oslo under Aage Storstein 1948–51.

Ho har hatt separatutstillingar og deltatt i gruppeutstillingar  frå India, Sør Amerika, USA, Italia og mange plassar her i landet.  Innkjøpt av m.a. Nasjonalgalleriet, Bergen Billedgalleri, Lårdal bygdemuseum (VTM), Statens Museum for kunst, København og The Dittman Coll. og Oregon State University Coll., USA

I 1960 mottok ho Grafikerprisen.

Familien gav delar av samlinga etter henne til Vinje kommune.


Museet er ope i sommarsesongen.
Det er ikkje kortterminal på Dyre Vaa men det er mogleg å gå ned til Skinnarlandssamlinga og betale med kort.

Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

E-post: post@vtm.no

Tlf: 35069090

Rettleiande prisar

BillettypeBillettavgift
Barn 6-15 årNOK 40,- pr. person
Familiebillett (2+2)NOK 200,- per dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 500,-NOK 60,- pr. person
Honnør/studentNOK 60,- pr. person
Voksne (fra 16 år)NOK 80,- pr. person

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning i åpningstiden

Map & Directions

I nærleiken

Opening Times

Open for gruppebestilling heile året (1 jan 2017 - 31 des 2017)
DagTider
Sesong (25 jun 2018 - 15 aug 2018)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

Besøk også

Skinnarlandsamlinga, Vinje

I nærleiken

  1. Type

    Type:

    Skulpturer

    Skinnarlandsamlinga

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland og ein kopi av atelieret...

    123 m unna
  2. Type

    Type:

    Kulturminne

    Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende...

    14.83 km unna
  3. Type

    Type:

    Museum

    Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske "målarlandskapet" finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei...

    15.45 km unna
  4. Type

    Type:

    Museum

    Øyfjell bygdemuseum

    Øyfjell Bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse...

    16.08 km unna
  1. Type

    Type:

    Kulturminne

    Myllarheimen

    Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best...

    20.25 km unna
  2. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    24.87 km unna
  3. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og mange utstillingar....

    25.52 km unna
  4. Type

    Type:

    Utstillinger

    Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    25.57 km unna
  5. Type

    Type:

    Utstillinger

    Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,...

    25.57 km unna
  6. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.

    25.72 km unna
  7. Type

    Type:

    Museum

    Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    25.78 km unna
  8. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    27.89 km unna
  9. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    29.47 km unna
  10. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    31.83 km unna
  11. Type

    Type:

    Kjente personer

    Sondre Norheim

    Husmannen frå Morgedal som blir kalla "far til den moderne skisport". Født i dei bratta...

    31.83 km unna
  12. Type

    Type:

    Utstillinger

    Draumkvedet - utstilling med Karl Erik Harr

    Karl Erik Harr si Draumkvedutstilling på Grimdalstunet i Skafså.
    For opningstider sjå...

    32.36 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg