For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Skogvandring til krossen på Berglandsheia

Address

Bergland
3880 Dalen

Email

Telephone

Tlf: +47 480 46 976

Skogvandring til krossen på Berglandsheia

Om

Tokke Bygdekvinnelag og Tokke Historielag inviterer til skogvandring til krossen på Berglandsheia. Vandringa startar i Skafså ved avkjørsla til Bergland, og går over heia til Fonnstøyl. Turen tek omlag 1 1/2 time, og det kan vere lurt å ta med niste. Folk må organisere køyring tilbake sjølv evt. kontakte Randi på tlf. 480 46 976

Krossen på Fonnstøyl blei reist i 1826. Denne blei bytta ut med ein kross i brisk i 1980. Det var Mo og Skafså Bondekvinnelag som fekk laga den nye krossen. No har Tokke Bygdekvinnelag restaurert den og 17. september vert det avduking. Krossen har ei koparplate som fortel om ei hending som skjedde ein kald januarkveld i 1826.

«Gamle folk sier at disse kors staar der til advarsel...»

Fonnstøyl ligg ved den gamle hovudvegen frå Skafså og Åmdals Verk til Bandaksli. Vegen blei også nytta som kyrkjeveg.

På garden Klauvreid i Austheii budde det ei tenestejente og ein tenestegut som ville gifte seg. Alt var klart for bryllaupet, men brura, Gunvor, manga raustakk. Raustakken var eit raudt skjørt som høyrde med bruredrakta og som sjeldan var i tenestejenters eige. 

Brudgomen, Aasmund Gunnarsson Hangehommen (f. 1796) skulle difor få låne ein raustakk i Skafså. Det var 4. januar, berre tre dagar til bryllaupet, då Aasmund gjekk over heia på ski. Ute var det bitande kaldt, men fram til Skafså kom han, og stakk fekk han låne. 

På veg heimover fekk Aasmund merke at det enno ikkje var trettande dag jol. For ettersom det var joletider var skikken den at ferdafolk skulle få mat og drikke på kvar ein gard. Aasmund besøkte nok fleire gardar på veg heim til Klauvreid. På Uppigard Bergland var det både skysstasjon og skjenkestove på denne tida, og det vart seint før Aasmund tok fatt på dei bratte liane heim. «Glad tænker han paa at naar han næste gang kommer samme vei, da var det som lykkelig brudgom.»

Neste morgon, 5. januar 1826, skulle det haldast konfirmantundervisning i Skafså. Borna frå Austheii gjekk på ski den same vegen som Aasmund hadde gjenge natta før. Då dei kom til Haukemyr, like ved Fonnstøyl, fekk dei sjå eit skrekkeleg syn. Like ved vegen låg det ein livlaus kropp med noko raudt over hovudet. Kroppen var dekt av eit tynt snølag som hadde kome i løpet av natta. 

«Den stak, som skulde pryde hans brud for alteret, var blit hans hodepute i døden, og den hvite sne hadde bredt sitt liklaken over hans stive lemmer,» skriv Hans Backer, sokneprest i Mo frå 1888-1900, om hendinga. «Han hadde trulovet og fæstet sin brud, Hans bryllup blev likfærd og graven hans brud.»

Då Aasmund vart gravlagd fekk han ta etternamnet Klauvreid. Same namnet tok Gunvor. Ho blei aldri gift og arbeidde som tenestetjente på Klauvreid fram til ho døydde.

Les meir om den tragiske hendinga i Tokke historielag sitt årsskrift for 1989.

Map & Directions

I nærleiken

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg