For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Prosesjonsvandring med Nikuls

Address

Museumsvegen 9
Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo

Email

Telephone

Tlf: 35069090

Prosesjonsvandring med Nikuls

Om

Etter fleire års opphald tek Vest-Telemark Museum opp att ei levande formidling av den eldgamle «Nikuls-vandringa» kring Eidsborgtjønni.

Dette er ein seremoni knyt til Eidsborg stavkyrkje og midtsommar som har eksistert sidan 1300-talet. I ei blanding av heidensk og katolsk tradisjon, blei helgenstatuen av St. Nikolaus (lokalt kalla «Nikuls») tatt ut av stavkyrkja og bore kring Eisborgtjønni på Sankthanseftan. Vatnet hadde magisk kraft midtsommarnatta, og både statuen og dei som fylgde prosesjonen skulle kome i kontakt med det. Då blei syndene forlate og sjukdom lækt.

Sjølv om kyrkja etter reformasjonen prøvde å stanse ritualet, heldt bygdefolket i Eidsborg fram med det heilt til slutten av 1700-talet.

Tidleg på 2000-talet starta museet opp eit historisk spel for å formidle den gamle tradisjonen til publikum. Etter fleire års stopp blir spelet no vist fram att – i samarbeid med kyrkja og den lokale presten.

Her er programmet for Nikulsvandringa 23. juni 2018:

Kl. 16:00  Nikulskafé på museet med servering av m.a. nøslesuppe (god heimelaga suppe med brennesle)
Kl. 17:00  Føredrag om Nikuls-tradisjonen ved Dag Rorgemoen. Innlegg ved sogneprest Bjørn Nome.
Kl. 18:30  Vesper i Eidsborg Stavkyrkje, musikk ved Knut Buen. Aktivitetar for borna ute
Kl. 19:00  Prosesjonsvandring med helgenfiguran Nikuls (St. Nikolaus) rundt Eidsborgtjønni
Kl. 20:30  Bål ved tjønni. Varme grillar for dei som ynskjer å grille medbrakt

Det er flott om du stiller i mellomalderklede. Museet har og ein del klede til utlåns. Dei vert lagt fram etter føredraget.

Me gjer merksam på at prosesjonsvandringa er eit historisk spel, ikkje ei religiøs handling.

Les meir om Nikuls-tradisjonen her.

Map & Directions

I nærleiken

Opening Times

Sesong (23 jun 2018)
DagTider
Lørdag16:00 - 21:00

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg