For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Arkivdag via til Rikard Berge

Address

Museumsvegen 9
Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo

Email

Telephone

Tlf: 35069090

Arkivdag via til Rikard Berge

Om

Arkivdagen på Vest-Telemark Museum i Eidsborg vert via til folkeminnegranskaren Rikard Berge (1881-1969), fødd på Berge i Rauland. 
Rikard Berge blei tilsett som styrar for fylkesmuseet i Telemark i 1916. Han la ned eit stort arbeid i å samle tradisjonsmateriale frå heile fylket. I 1970 fekk Telemark Museum overta den unike samlingane etter han. Denne bestod mellom anna av 800 notatbøker som sidan har blitt digitalisert. I 2011 fekk museet i tillegg meir enn 600 negativar på glasplater. Desse syner både folk, gardar og tun frå kommunane Seljord, Kviteseid, Vinje og Tokke. Fotografia er frå perioden 1905-1945, og har stor kulturhistorisk verdi. 
På arkivdagen kjem fyrstekonservator ved Telemark Museum, Tor Kjetil Gardåsen, og syner smakebitar frå fotosamlinga etter Rikard Berge. Han vil også fortelje om den unike handskriftsamlinga som ligg ute på nett. 
Arrangementet kostar 100,-/50,- for dei med årskort. Kaffe og gørrgod kake inkludert. 
Gode boktilbod i bui.
Lenke til fakta om fotosamlinga http://www.telemarkmuseum.no/2017/10/16/rikard-berge-si-flotte-fotosamling-er-digitalisert/.
Medarrangør: Telemark Museum

Map & Directions

I nærleiken

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg