For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Vest-Telemark i måleri

Målaren Henrik Sørensen (1882–1962) var ein leiarfigur i norsk kunstliv. Gjennom mange år arbeidde han i ein fast årsrytme: om hausten i Italia, om vinteren i atelieret sitt i Oslo Rådhus, om sommaren fyrst i Holmsbu (Hurum) og så i Smørklepp i Vinje, der han måla landskap og folk.

Han samla rundt seg ei rekkje andre kunstnarar som var opptekne av Vest-Telemark, bl.a. Harald Kihle, kjend for sine skildringar av landskap, bygdeliv og ikkje minst hestar.

Sonen til Henrik, Sven Oluf Sørensen, bygde to galleri til måleria etter far sin, eit i Holmsbu i 1973 og eit i Smørklepp i 1991: Vinje Biletgalleri. Båe er teikna av arkitekten Bjart Faye Mohr i ein særeigen stil: grov granitt med innsette glasflater, godt gøymt i skogen.

Vinje biletgalleri er i dag ei løynd perle av eit kunstmuseum. Her finn du mange av Sørensens mest kjende Telemarks-bilete, og ei eiga avdeling med måleri av Harald Kihle.

Er du interessert i annan kunst, t.d. skulptur, litteratur eller musikk? Les om dei fire store bilethoggarar frå Vest-Telemark og kor du kan finne skulpturane deira. Eller besøk heimstaden til Aasmund Olavsson Vinje: Vinjestoga. I Arabygdi finn du husmannsplassen til spelemannen Myllarguten: Myllarheimen.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg