For å gje deg den beste opplevinga brukast det informasjonskapslar på denne nettstaden. Finn ut meir her. Skjul denne meldinga.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Skimaking i Morgedal

I Noreg og i andre delar av verda har ski vore eit transportmiddel gjennom fleire tusen år. Folk nytta ski når dei skulle på jakt, og dei bruka ski når dei skulle arbeide. Skia var ofte tunge, dei hadde ulik fasong og var ofte festa til foten berre med eit vidjeband eller ei lærreim over framre delen av foten.

Statue Sondre Norheim i taake

Sondre Norheim, født i Morgedal i 1825, var ein ”frikar” på ski. I tillegg til å vera ein framifrå skiløypar og artist, var han innovativ og utvikla skiutstyret. Ynskje om å meistre dei vanskelegaste uvyrdsløypene og hoppe dei lengste hopp gjorde at Sondre utvikla ski og bindingar. Hælbinding og innsving på skia vart til av hans dyktige hendar. Dette var med på å legge grunnlaget for den moderne skisporten slik me kjenner han i dag.

I Morgedal har ein tatt vare på denne unike skimakartradisjonen slik han var for meir enn 150 år sidan. I samarbeid med Norsk Handverksutvikling på Maihaugen, Lillehammer, vart prosessen rundt skimaking grundig dokumentera.

Les alt om prosessen her.

I tillegg til skimaking har ein òg dokumentert arbeidet med å lage hudsko og slede.

Her kan du sjå korleis eit skipar blir til.

Vidjebinding og gamle ski

I januar 2015 hadde me besøk av to nederlandske journalistar som laga ein reportasje for National Geographic. Dei laga sine eigne ski, og etterpå testa dei skia på langtur.

Sjekk filmen frå skimakinga og turen her.

Søk overnatting

Type:
Sted:

Søk ting å gjøre

Type:
Sted:
Namn / søkjeord:

Søk hva skjer

Namn / søkjeord:
Datoer

Mat og drikke

Namn / søkjeord:

Vest-Telemark Museum

-

Eidsborg

-

3880 Dalen

-

(+47) 35 06 90 90

-

post@vtm.no

Få med deg

Få med deg

Få med deg

Få med deg